Opna i januar: Bjørnafjorden politistasjon blei opna alt i januar, men grunna pandemien har ei offisiell opning late venta på seg fram til no. Politimeister i Bergen, Kaare Songstad (t.h.) var til stades. Her saman med GDE-leiar Jan Fosse.

Politimeisteren: — Denne politistasjonen vil bli eit knutepunkt

Det var storfint besøk då Bjørnafjorden politistasjon endeleg blei offisielt opna.

Det mangla ikkje på personlegdomar under opninga måndag. Justis- og beredskapsminister, Monica Mæland, og politimeister i Bergen, Kaare Songstad, var på plass. Frå kommuneleiinga stilte ordførar Trine Lindborg og kommunedirektør Christian Fotland. For å nemna nokre.

— Dette er opning nummer to i dag. Vi kjem frå Tysnes. Der fekk vi helsa på veldig nøgde medarbeidarar. Det beste som er, er om de som brukar bygga er nøgde. Det er etterlengta at Bjørnafjorden politistasjon blir offisielt opna. Det er fleire kontor der opninga er blitt utsett grunna korona, og dette bygget er stort i forhold til det vi kom frå, seier Songstad og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

På omvising: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland og hennar følgje, fekk ei omvising på stasjonen måndag. Dei kom rett frå Tysnes, som også hadde “nyopning” i dag.

— Dette området er fylt med stor energi. Det er eit område i vekst, og det kjem berre nærare byen med vegen som opnar til neste år. Denne politistasjonen vil bli eit naturleg knutepunkt organisatorisk og mannskapsmessig.

For ordførar Trine Lindborg var det stor stas å endeleg kunne opna bygget offisielt. Ho fortalde om kor flott bygget og stasjonen er blitt.

— Det er tidsriktig og moderne. Det er mykje kunnskap og ressursar og kloke, trygge folk her. Det er flott å sjå samrøystes politiske vedtak stå ferdige til bruk i Bjørnafjorden. Vi er stolte over å ha fått til ei unik samlokalisering av blålysetatane.

For justis- og beredskapsminister Monica Mæland var det som å vera på ein parademarsj då ho vitja kommunen.

— Det er kjekt å reisa rundt etter å ha vore innesperra i over eitt år på eit kontor i Oslo, seier Mæland, som også naturleg nok kom inn på politireforma.

Skrytte av samlokalisering: Dei fleste talarane nemnde på kor bra og viktig samlokaliseringa av naudetatane på Moberg er. Kommunedirektør Christian Fotland, ordførar Trine Lindborg og politimeister Kaare Songstad.

Ministeren sa at ho plar spørja politiet ho snakkar med når ho er ute i felten om dei er for eller mot reforma. Ifølgje ho, er dei fleste for, men:

— Ja, det kjem eit men. Det går på kva ein gjerne skulle sett for seg, og vi treng å gjera meir, konstaterte ho.

Overfor Os & Fusaposten utdjupar ho kva ho meiner med at “ein treng å gjera meir”. For sjølv om ho meiner at politiet er blant dei største budsjettvinnarane, og det er tilsett fleire tusen nye politibetjentar, er det behov for fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi skal ikkje skru klokka tilbake med tanke på reforma. Vi skal byggja vidare på ho, ikkje reversera. Det skal vera slik at om ein blir utsett for noko straffbart i Os, så skal ein få nett same oppfølging her som om det var i Bergen eller Alta. Ein skal få nett same behandling uansett kvar ein er. Vi kjem som sagt frå Tysnes no. Der var dei fire tilsette. Her er det monaleg fleire. Politiet må tilpassast innbyggjartalet og risikobiletet, seier ho og legg til:

— Eg var her saman med Erna i valkampen i 2013 då første spadetak på den nye vegen skulle takast. No er vegen snart ferdig. Då blir avstandane kortare for folk flest — men også for kriminelle.

Oppstilling: Politiet stilte opp utanfor det nye bygget.

Mæland og fleire med ho, skrytte av samlokaliseringa på Moberg, med brannvesen, legevakt og no etter kvart politiet.

— Samlokalisering er veldig rett og viktig.

Det var fleire som var stolte på Moberg i dag, og gjerne spesielt politistasjonsjef Oddbjørn Dyrdal. Det blei sagt at på Tysnes hadde dei byta ut gamle lokale med musefelle til noko flunkande nytt. Stoda var gjerne ikkje så gale på den gamle politistasjonen i Os, men det var på høg tid med noko nytt. Det kom Dyrdal innpå alt i starten av omvisinga.

Obligatorisk: Snorklipping er obligatorisk på ei offisiell opning. Her har Mæland nett klipt politibandet.

— Publikumsmottaket vi hadde i det andre lokalet, var under ein kvar kritikk. Dette er tilpassa dagens krav. Der nede var det eit lite rom, der det var lett for å høyra informasjon som blei formidla til dei i skranken.