Det du sparar på elbil, blir ein kostnad for nokon andre.
Det du sparar på elbil, blir ein kostnad for nokon andre.

Politikarane torde ikkje røra elbilfordelane

Hordaland fylkeskommune må betala millionbeløp i erstatning for tap på alle elbilane som får køyra gratis over Fusafjorden. Og politikarane sit stille i båten.

Ferjene i Os tapar på at det er gratis adgang for dei med elbil. Men elbilfordelane vart ikkje vingeklyppt i fylkesutvalet torsdag.

- Politikarane torer ikkje å røra elbilfordelane i valåret, seier Nils-Olav Nøss (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan forbrukarar sparar pengar på gratis ferjebillett og bompassering, tapar ferjeselskapa og bompengeringane tilsvarande.

Kraftig vekst for ferja

Ferja mellom Hatvik og Venjaneset har opplevt ein kraftig auke i talet elbilar. Det tapar FosenNamsos pengar på. Medan berre 67 køyretøy var elbilar i 2010, var det 8.250 elbilar som vart transporterte gratis over Fusafjorden i fjor. 97 prosent av bilane på dette ferjesambandet er framleis oljedrivne (362.000 bilar i 2014).

Det same har skjedd for ferja mellom Halhjem og Våge, og FosenNamsos sine øvrige ferjeruter. Og Norled sine ferjer har tapt endå meir.

FosenNamsos har tapt 2,4 mill. kroner i same periode, medan Norled har tapt 80.000 kroner.

Fylkeskommunen spanderer

FosenNamsos har kravd å få kompensasjon for dette, sidan dei ikkje hadde høve til å føresjå inntektstapet då dei leverte sitt anbod.

- Me ser at FosenNamsos har opplevd ein ekstraordinær auke i talet elbilar, og vurderer difor kravet frå FosenNamsos som rettmessig, heiter det frå fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Det er difor inngått ein avtale om særskilt kompensasjon for auke i tal elbilreiser.

Administrasjonen viste også til at det er fullt mogleg å fjerna fordelane elbilførarane har i dag. Haugsdal påpeikar at det må ein gjera "dersom fylkeskommunen vil unngå å måtta kompensera ferjeoperatørane for framtidige inntektstap som følgje av auke i bruk av elbil".

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om elbilandelen på ferjene i 2014 var berre litt over 2 prosent, var 30 prosent av alle nye bilar i Hordaland elbilar i mars 2014. Den fylkeskommunale rekninga kan altså veksa i åra som kjem.

Politikarane rørte ikkje elbilane

Men politikarane i Fylkesutvalet (der også Terje Søviknes (Frp) er representert), valde å ikkje røra elbilfordelane. Osingen Nils-Olav Nøss (Ap) er også i fylkesutvalet. Han trur årsaka til at politikarane ikkje gjorde noko, er å finna i det føreståande valet.

- Det var ingen parti som ville gjera noko med dette før valet. Regjeringspartia har freda elbilane fram til 2017. Eit lokalt vedtak om å ta betalt på ferja også av elbilar hadde vore fullt mogleg. For det er snakk om betydelege tap på enkelte ferjestrekkjer. Dei har innført elbilbetaling i Sør-Trøndelag, og eg trur det vil tvinga seg fram også her. Men altså ikkje på denne sida av valet, seier Nøss.

Elbilar i kollektivfeltet

Ei anna sak knytt til elbilar var også oppe til politisk handsaming. Nemleg i kva grad elbilane skal få køyra i kollektivfelta. Her vart også utfallet i tråd med innstillinga, basert på tilråding frå Vegdirektoratet. Dermed ser det ut til at elbilane får halda på fordelane sine også på dette området.

Vegdirektoratet tilrår "på det nåværende tidspunkt ikke å fjerne elbiler fra alle kollektivfelt ved endring av trafikkreglene. Vi mener det er av verdi å beholde denne fordelen for elbiler lengst mulig og utnytte kapasiteten i kollektivfeltene så lenge det ikke går på bekostning av fremkommeligheten for kollektivtrafikken".

Vidare tilrår Vegdirektoratet at:

* Det vert etablert ei forsøksordning med å kreva passasjer i elbilar i aktuelle kollektivfelt.

* Lokal utfasing av elbilane frå kollektivfelt bør vera ei prinsippløysing der forseinkingane for kollektivtrafikken er betydelege.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det førebels ikkje vert mogleg å etablera eit midtre samkøyringsfelt på vegar med tre felt i same retning, men at dette må utgreiast vidare.