Ungdommar som køyrer uvetig på mopedar og lette motorsyklar har vore i politiets søkelys i det siste.
Ungdommar som køyrer uvetig på mopedar og lette motorsyklar har vore i politiets søkelys i det siste.

Politiet ute etter motorsyklistar

Råkøyrarar på lette motorsyklar stikk av frå politiet. Ordensmakta vil fokusera ekstra på problemet framover.

Politiet på båe sider av Fanafjellet har den seinare tida opplevt problematisk oppførsel i trafikken frå dei som køyrer moped og lette motorsyklar.

- I går rundt kl 20 var det tre mopedar og ein firhjuling som køyrte uforsvarleg oppe i Industrivegen. Firhjulingen køyrte på to hjul. Det vart reagert på forholdet, seier Audun Hadler-Olsen ved Os Lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førarkortet vart ikkje konfiskert, sidan farten var relativt låg.

Politiet har også teke ein mopedist i Byvegen for feil ved køyretøyet.

Mange klager

Det særlege fokuset mot mopedistar og dei med lette motorsyklar har sin bakgrunn i mange klager frå publikum. Mellom anna i Åsen og i Lysefjorden har det kome mange klager.

- Er det støyen eller farten det vert klaga på?

- Det er begge deler. Uforsvarlege forbikøyringar er ein del av dette. I Fanafjellet-området har politiet opplevt at personar på lette motorsyklar stikk av frå politiet. Dette er noko me vil til livs. Det har vore eit problem dei siste månadene, seier Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten seier at det lite som tyder på at mopedistane som vart stoppa i Industrivegen i går har noko med råkøyrarane i Lysefjorden/Fanafjellet å gjera.