(Arkiv
(Arkiv

Politiet sytte for trygg skuleveg

Politiet sytte for at ungane på Søfteland kom seg trygt til skulen i dag tidleg. - Me har fått fleire meldingar om hasardiøs køyring i området, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Klokka 08.00 rigga politiet til trafikkontroll ved gangfeltet ved Søfteland skule.

- 40 køyretøy vart kontrollert. Ein mann i 20-åra er meldt for køyring utan gyldig førarkort. Elles var det roleg og fin køyring, seier Hadler-Olsen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men det kan vera fordi me stod der i full uniform. Me har fått meldingar frå både skulen og naboar, om at det er ein del som ikkje følger køyrereglane.

Meldingane går på køyring på raudt lys ved gangfeltet, og for høg fart.

- Me kjem til å følgja ekstra godt med framover, seier Hadler-Olsen.

Sakna båt

I 12.20-tida tysdag fekk politiet melding om utforkøyring i Lysefjorden. Føraren er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Politiet tok beslag i førerkortet hans, noko han ikkje samtykka til.

Ein Askeladden Camping 1975-modell med 9,9 hester Yamaha blei meldt sakna frå Skeisosen i 20-tida i går.

- Båten låg ved ei brygge i området, som han plar gjera. Eigar såg sist båten søndag, seier Hadler-Olsen.