Ein Fest i Fusa som kom ut av kontroll, og ein mann med kniv som oppsøkte ein kjenning, var blant oppdraga politiet måtte hanskast med i natt. (Illustrasjonsfoto)
Ein Fest i Fusa som kom ut av kontroll, og ein mann med kniv som oppsøkte ein kjenning, var blant oppdraga politiet måtte hanskast med i natt. (Illustrasjonsfoto)

Politiet stoppa Fusa-fest, knivtrugsmål i Os

Det vart eit svært travelt døgn for politiet i distriktet med alt frå båtforlis og slagsmål til ein fest som kom ut av kontroll.

Det travle døgnet tok til midt på dagen laurdag med fartskontroll i Sperrevikvegen. Politiet hadde fått melding om aggressiv køyring, og utførte fartsmåling.

- Ein bil vart målt til å ha køyrt 61 km/t i 50-sona. I tillegg køyrde han aggressivt, la seg tett oppi bilen framføre, og køyrde så fort han kunne. Men sidan han tok att bilane framføre, vart ikkje fartsmålinga spesielt høg, seier Sindre Hallem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frykta det var folk i forlist båt

Klokka 17.05 fekk politiet melding om at ein båt var gått ned utanfor Moldaneset. Politiet og Brannvesenet rykte ut, utan kunnskap om det var folk i båten eller ikkje.

- To dykkarar var nede og konstaterte at det ikkje var nokon i båten, seier Hallem.

Politiet utførte ei rundspørjing i området, og fann ut at båten hadde gått ned for nokre dagar sidan. Dei greidde ikkje å koma i kontakt med eigaren av båten, og oppfordrar denne om å kontakta politiet.

Stal og raserte på Esso-en

Ein mann midt i 20-åra som var godt rusa, oppførte seg ufint på bensinstasjonen i sentrum natt til sundag.

- Han småstal frå hyllene, og raserte ein reol. Men då politiet kom til staden var han vekke. Ved hjelp av betjeninga fekk me likevel tak i han til slutt, seier Hallem.

Han vart meld for uro, og fekk pålegg om å halda seg vekke.

Politiet stoppa ungdomsfest

På Helland, ca. 2 km frå Eikelandsosen, måtte politiet rykkja ut til ein fest som var komen ut av kontroll.

- Det var mykje hyling og skriving frå ungdommar på festen. Det går ikkje fram av loggen kva som var årsaka til uroa, men politiet måtte i alle fall gripa inn, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet rykte ut kl 1.50 og 20 minutt seinare var ro og orden gjeninnført. Nokre ungdommar vart bortvist, og festen vart avslutta.

Slått til blods i taxi-kø

Klokka 2.50 kom det melding via AMK om slagsmål ved taxistasjonen i Os sentrum.

- Då me fekk meldinga hadde den fornærma, ein mann i 20-åra, oppsøkt legevakten. Han måtte sy nokre sting i hovudet etter episoden, fortel Sindre Hallem ved Os lensmannskontor.

Ifølgje operasjonsleiar Stig Rune Halleraker var det tre personar som var involverte i slagsmålet, og dei kjende kvarandre frå før.

- Det er noko usemje mellom partane om kva som skjedde. Ifølgje fornærma var det to personar som slo han, men ein av dei andre seier at det var fornærma som begynte, seier Halleraker.

Politiet er difor interesserte i tips om kva som faktisk skjedde.

- Eg veit ikkje om det kjem av uvilje til å snakka med oss, eller kva, men fleire av vitna i taxi-køen sa at dei ikkje hadde fått med seg kva som skjedde, fortel Hallem.

Oppsøkte mann med kniv

Klokka 2.20 fekk politiet melding om at nokon prøvde å ta seg inn i ein privat bustad ein stad sentralt i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei klarte ikkje å koma seg inn, for mannen ringde politiets nødtelefon. Han visste kven dei to var. Politiet kom til staden og fekk kontroll på dei, seier Halleraker.

Den eine av dei hadde kniv på seg, og det vart også teke beslag i narkotika.

- Politiet forhindra at det blei nokon konfrontasjon mellom partane. Dei fekk beskjed om å halda seg vekke, og blir melde for å ha narkotika og for bering av kniv, seier Halleraker.