Fleire førelegg: Politiet delte ut fleire førelegg onsdag.

Politiet stilte seg opp etter fleire meldingar om høg fart. Slik gjekk kontrollen

Utførte gjennomsnittsmålingar onsdag kveld.

Etter flere meldingar om høg fart og farleg køyring i Hegglandsdalsvegen, var politiet onsdag tilstades med gjennomsnittsmålingar. Det resulterte i at tre personar blei tatt med for høg fart.

Ein mannleg bilist i 40-åra vart målt til 67 km/t i 50-sonen. Han vedtok eit forenkla førelegg på 5.850 kroner. Han fekk også tre prikkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk melding om bilist som «pressa på» og køyrde forbi ved barneskule

Ein mann i slutten av 20-årene vart målt til 65 km/t i 50-sonen. Vedkomande vedtok eit forenkla førelegg på 4.050 kroner, og fekk i tilegg to prikkar.

Ein mann under 20 år vart målt til 62 km/t. Sjåføren vedtok eit forenkla førelegg på 4.050 kroner. Han var i prøvetida og fekk 4 prikkar.

Eitt køyretøy blei også kontrollert for lysfeil. Her vart det gjeve munnleg pålegg om å utbetra feilen.

– Det er viktig no i mørketida at alle lys fungerer som dei skal, påpeikar vakthavande.