Rusa mann skal ha prøvd å stoppa bilar på E39
Mannen på Søfteland skal også kasta gjenstandar mot folk.
Fredag morgon fekk politiet melding om ein synleg rusa mann som oppførte seg merkeleg i søftelandsområdet.
Mannen skal ha henta gjenstandar frå fleire eigedomar som han kasta rundt i byggjefeltet. Han skal også ha kasta dei etter folk. Mannen var også inne i fleire garasjar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skal han ha prøvd å stansa bilar og sprang ut i vegbanen på E39.
— Etter kvart vart mannen, som er ein kjenning av politiet, anholdt av politiet i Bergen sentrum. Mannen vart køyrd til legevakt, opplyser politiet.