Politiet rettar ei stor takk til ER-AN etter gårsdagens bilulukke
Tok dei involverte inn i lokalet, serverte kaffi og viste omsorg på ein «fantastisk måte».
— Vi i politiet ønsker å retta ei stor takk til ER-AN som tok fleire av dei involverte inn i lokalet sitt, serverte kaffe og viste omsorg på ein fantastisk måte.
Det seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokka 12.19 i går fekk politiet melding om ei trafikkulukke ved ER-AN der fleire bilar var involvert.
Ein varebil skulle ha køyrt i ein personbil i retning Bergen. Personbilen stod i ro. Til saman tre bilar var involvert.
I det den midterste bilen vart treft bak, vart han ført inn i bilen som stod og blinka seg inn til bensinstasjonen.
Airbagen i bilane vart utløyst og to av køyretøya måtte tauast bort.
Det vart teke beslag i varebilsjåførens førarkort, men mannen, som er i 50-åra, samtykka ikkje til dette.
Samtlege førarar blåste til 0,0. Tre personar ble køyrt til Haukeland Universitetssjukehus for observasjon, etter å ha klagd over nakkesmerter.
Det er oppretta sak.