Politiet redda dagen
Politiet kom på døra til Ingrid Klemetsen Bøthun i dag, og leverte tilbake sykkelen hennar som blei stelt for nokre dagar sidan. - Det lønar seg å seia i frå på Facebook, smiler ho.
I sommar kjøpte Bøthun seg ein ny sykkel som ho er blitt veldig glad i. Difor var ho veldig skuffa då ho i går oppdaga at han var vekke.
- Sykkelen plar stå bak huset, så dei som har teke han må ha gått rundt huset og luska. Det skremmer meg litt, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet tok kontakt
Før ho konkluderte med at sykkelen var stelt, gjekk ho ein runde med alle dei som kunne ha lånt sykkelen utan å seia i frå. Når det viste seg at ingen hadde lånt han, bestemte ho seg for å ringa politiet. Men aller først la ho ut ei melding på Facebook.
- Eg var på veg til å ringa politiet, men så ringte dei meg i stadenfor. Dei hadde fått med seg meldinga på Facebook, og meinte at dei visst kor sykkelen var, seier Bøthun og held fram:
- Det kom som ei stor overrasking på meg. Eg hadde aldri trudd eg skulle få sjå sykkelen att. Grunnen til at eg ville melda saka til politiet, var i håp om å få noko att på forsikringa.
Kaffi og klem
Politiet gav Bøthun beskjed om ho kunne koma ned på kontoret og visa fram kvitteringa, men medan ho leita, ringte politiet tilbake.
- Då hadde dei funne sykkelen. Dei lurte på om dei kunne få koma og levera han. Sjøvsagt, sa eg. Eg lova dei både klem og kaffi, seier Bøthun og held fram:
- Verda er ein god plass å vera når politiet har tid til slike ting. Me lever på verdas tryggaste plass, og eg er veldig takksam for at dei fann att sykkelen.