Leiteaksjon: Søket etter den sakna kvinna held fram torsdag føremiddag. Her frå Heimevernets søk onsdag.

Over 200 deltek i leiteaksjonen: Politiet etterlyser bilførar

Politiet er stadig interesserte i tips og observasjonar.

Status torsdag morgon er at søket etter den sakna kvinna i 60-åra held fram.

Rundt 50 personar frå Heimevernet starta søket frå kl. 8 og ytterlegare mannskap frå Sivilforsvaret, Sjøforsvaret og Røde Kors vil slutta seg til søket utover føremiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser politiet.

Alle med tips og observasjonar i saka bes ta kontakt med politiets operasjonssentral på telefon 02800.

Hyundai Kona

Seint onsdag vart det meldt om fleire hundre involverte i leitinga.

Les også
Søkjer i vatn: – Me gjer dette for å utelukka alternativ

Klokka 22.01 kom politiet med ei etterlysing:

— Politiet ønskjer å koma i kontakt med førar av det som framstår som ein Hyundai Kona, eller liknande biltype. Bilen er mørk eller grå av farge med lys skrift på sida. Føraren kan moglegvis ha sett den sakna kvinna ved Bygger'n i Industrivegen mellom klokka 04.00 og 05.00 natt til tysdag, skriv politiet.

Natt til tysdag: Føraren kan moglegvis ha sett den sakna kvinna ved Bygger'n i Industrivegen

Politiet ønskjer utelukkande å få verifisert observasjon, og det er ingen indikasjonar på at bilføraren skal ha noko med den sakna kvinna å gjera. Opplysningane om bilen er basert på videoopptak på strekninga i Industrivegen.

Politiet oppmodar også eventuelt andre bilførarar som har vore ute på denne tida av natta og kan ha gjort interessante observasjonar, om å ta kontakt med politiet.

Les også
– Sjekk garasjar og uthus
Les også
Søkte med redningshelikopter
Leiteaksjon: Stadig fleire kom med i leiteaksjonen utover onsdag ettermiddag og kveld. No etterlyser politiet føraren av ein bil.