Politiet hjelpte mattilsynet att

Natt til laurdag var roleg for politiet, men i går ettermiddag måtte dei bistå mattilsynet i ei dyrevelferdssak på Halhjem.

- Det var eit dyr som skulle til veterinær, og mattilsynet bad oss om assistanse. Me var med, og alt gjekk som det skulle, seier vakthavande ved Os lensmannskontor. 

Også tidlegare i sommar har politiet måtta vera med Mattilsynet,slik «Os og Fusaposten» har skrive om.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Snakka med mopedistar

Elles var det ein roleg kveld for politiet, og lensmannsloggen har si siste oppføring kl 23.30. Då fekk dei melding om uvettig køyring knytt til nokre mopedistar på Nordstrøno.

- Då politiet kom til staden såg me ikkje noko til uvettig køyring, men me fekk i alle fall teke ein prat med dei, seier politibetjenten ved Os lensmannskontor.