Politiet gjorde funn av narkotika
Kring midnatt fredag, fekk politiet melding om hasjrøyking ved ein bil.
I 21-tida fredag, hadde utrykkingspolitiet promillekontroll i Os sentrum. Der blei 49 førarar kontrollerte. Ingen av desse var påverka av alkohol.
Ein bil blei avskilta i samband med kontrollen. Det er ikkje opplyst om årsak i politiloggen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre timar seinare, ved midnatt, fekk politiet tips om hasjrøyking ved ein bil på Osøyro.
— Patruljen kom til staden og ein av passasjerane er meld for å ha narkotika, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.