Mindre uhell: Politiet fekk melding om mindre uhell laurdag ettermiddag.

Politiet bistod etter mindre uhell

Var på plass etter mindre uhell.

Politiet rykte ut etter melding om eit mindre uhell i Langedalen laurdag ettermiddag.

– Det var ein bil som hamna like utfor vegen, etter å ha køyrd ut til sida for å sleppa motgåande bil forbi. Det er ikkje snakk om materielle eller personskadar. Vi berre bistår til bilen er tilbake på vegen, fortel vakthavande ved operasjonssentralen.