Politiet ber om tips etter skadeverk på bubil
Forholdet skal ha skjedd i løpet av helga.
Måndag fekk politiet melding om skadeverk på ein bubil i Kuvenbakken.
Forholdet skal ha skjedd i løpet av helga, og vil bli meldt.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi er interesserte i tips om nokon har observert noko av interesse, skriv politioverbetjent Atle Birkeland.
E39 Halhjemsvegen
Måndag føremiddag gjennomførte UP ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.
12 førarar fekk forenkla førelegg på staden. Høgaste fart vart målt til 90 km/t i 70-sona. Det resulterte i eit førelegg på kr 7.050.