Plantar posten på Plantasjen
- Me er ein sesongbasert butikk. Med Post i Butikk håpar me å trekkja fleire kundar til oss året rundt, seier dagleg leiar André Egebakken.
Måndag vert posten flytta frå Meny Industrivegen, over vegen, og inn på Plantasjen.
- Alt arbeidet vert gjort på ein dag. Posten vil vera stengt måndag, men tysdag morgon er me i gong, seier Egebakken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vann anbodsrunden
«Post i Butikk»-avtalane inngås for fire år, med høve for forlenging i inntil sju år.
- Me har vunne ein anbodsrunde. Det er ikkje eg som har teke meg av det. Dette har vore behandla sentralt, seier Egebakken.
- Har «Post i Butikk» vore eit sterkt ønske for dykk?
- Ikkje nødvendigvis Post i Butikk, men me treng noko som trekkjer kunder til oss året rundt. No vil Plantasjen prøva ut om Post i Butikk kan vera ei god løysing på det, og at det kan skapa meir jamn aktivitet i butikkane, seier Egebakken.
At posten vert flytta til Plantasjen gjer at kundane også kan nytta tilbodet om søndagane.
- Eg reknar med at folk synest det er positivt at dei får ein ekstra dag til å få unnagjort gjeremåla sine i ein travelkvardag, seier han.
Spanande tidar
Post i Butikk har vore eit tilbod på Meny Industrivegen i lang tid. Kjøpmann Jahn Ingolf Lyssand fortel at dei var ein av dei første som fekk Post i Butikk. Det var heilt tilbake då det var Drageset som halde til i industrivegen.
- Eg hugsar ikkje eksakt kva tid me fekk det, men det er i alle fall over ti år sidan, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
No vert det spanande å sjå om post-tilbodet faktisk har vore med på å trekkja ekstra kundar til butikken.
- Me veit kor mange kundar som har nytta posten, og kor mange som handlar i daglegvarar, men me har ikkje kunna måla kor mange som har handla varer utelukkande fordi dei har vore innom for å nytta Post i Butikk-tilbodet. No vil det visa seg om det har vore med å trekkja kundar til butikken, seier Lyssand.
Ikkje snakk om oppseiingar
Omlegginga vil ikkje få følgjer for talet tilsette verken på Meny eller Plantasjen.
- Det er ikkje snakk om oppseiingar her, men det vert forskyving av arbeidstid, seier Lyssand.
- Me har klart å handtera dette internt, og kjem ikkje til å lysa ut stillingar. Alle på Plantasjen skal ha basiskunnskapen, medan eit knippe tilsette får meir djuptgåande opplæring, seier Egebakken.