Planlegg 34 nye husvære på Hjelle

Administrasjonen meinte framlegget frå Bjørn Døsen Utvikling ville gje ei for tett utbygging.

Tomta ligg i Hjellevegen ved foten av Borgafjellet, og har i dag ein einebustad med ein større hage rundt. Bjørn Døsen Utvikling og Tysseland Arkitektur meiner at tomta kan romma 34 husvære fordelt på seks lågblokker (punkthus).

- Me har sett at punkthus passar godt på denne tomta. Husvære blir på mellom 55 og 75 m2 i storleik, og vil passa godt for unge i etableringsfasen, sa arkitekt Patrick Telzerow.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ville halvera prosjektet

Utnyttingsgraden (kor stor del av tomta det vil bli hus på) ville då bli rundt 65 prosent. Planavdelinga sa at dette vart for tett.

- Grunnen til dette er at utnyttinga elles i området er på ca 40 prosent, sa Henning Wenaas Ribe.

- Me har tenkt at så høg grad av utnytting som det blir lagt opp til her høyrer meir heime i sentrum. Dette ligg litt utanfor sentrumsområdet, påpeikte kommunalsjef Aina Tjosås.

I saksopplysningane frå administrasjonen står det at "Utbyggingsmønsteret bryt med byggeskikken i området og prosjektet kan med fordel redusera dei enkelte voluma til mindre bygningskroppar". Den mindre utnyttingsgraden ville gje rom for mellom 15 og 20 bueiningar.

Unge har ikkje råd til einebustader

I møtet fekk Bjørn Døsen svara på dette frå utviklar sin ståstad.

- Skal me byggja med ein utnyttingsgrad på 40 prosent, er det einebustader me snakkar om. Men me ønskjer å byggja mindre husvære for dei som skal etablera seg. Dess slit med å koma inn på bustadmarknaden i Os. Dei får gjerne eit lån på rundt 2 mill. kroner, sa Døsen.

Harald Døsen (Ap) sa at det var i tråd med Arbeiderpartiets politikk å byggja for denne gruppa. Han spurde kva Døsen såg for seg ville bli prisen på dei rimelegaste (55 m2) husværa.

- Eg kan ikkje seia eksakt pris her og no, men eg kan fortelja at kvadratmeterprisen på Søfteland er 40.000 kr per m2, sa Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom ein vil få nokolunde same m2-pris på Hjelle, vil dermed husværa liggja på mellom 2,2 mill. og 3 mill. kroner.

Innsyn, skugge og bilar

Terje Sperrevik (TvS) etterlyste ein kommentar frå administrasjonen knytt til ulempene ved å byggja så tett, og fekk svar frå sakshandsamar Wenaas Ribe.

- Dei 3D-teikningane som vart viste innleiingsvis viste ikkje parkeringsplass. Det vil ta opp ganske mykje plass. I tillegg vil dei nedste etasjane hamna litt på skuggesida. Husa blir også plasserte tett på vegen, og du får innsynsproblematikk. Du må sjå føre deg hekkane som vil bli planta på tomta, sa Ribe.

Manglar fortau

I planen inngår ein felles leikeplass på ca 200 m2. Som elles i området, er det utfordringar knytt til manglande fortau.

- Det er ikkje noko god løysing at borna som skal gå til skulen skal gå langs Borgavegen, som altså blir endå meir trafikkert, sa Harald Døsen.

- Det er ikkje fortau på Hegglandsdalsvegen og heller ikkje på Borgavegen. Der må me venta at Vegvesenet vil stilla krav. Men det finst ein annan sti som gjer at fotgjengarar kan unngå å bruka bilvegen, peikte Wenaas Ribe på.

PBU utsette saka for synfaring på tomta.