Pensjonist stoppa med 1,57 i promille
No er mannen dømd til fengsel og 40.000 kroner i bot.
På ettermiddagen 7. april i år vart mannen i 70-åra stoppa på Byvegen. Ei blodprøve teken ein halvtime etter, viste ein promille på 1,57.
At mannen i 2021 fekk eit førelegg for køyring med 0,23 i promille, tel i skjerpande retning.
Artikkelen held fram under annonsen.
At han vart domfelt for køyring i påverka tilstand i 2003, vert tillagt minimal betydning ettersom det er svært mange år sidan.
Derimot er det formildande at han i Hordaland tingrett kom med ei tilståing utan atterhald.
Domen vart etter dette 21 dagars fengsel, 40.000 kroner i bot og tap av førarkort i to år og tre månader.