Museet på Lysøen får ein halv million frå Os kommune. (Arkivfoto)
Museet på Lysøen får ein halv million frå Os kommune. (Arkivfoto)

Pengedryss over Lysøen og Nore Neset

Museet på Lysøen og Nore Neset Idrettslag får 500.000 kroner kvar frå Os kommune.

Ho smilte sitt breiaste smil, kultursjef Lisbeth Axelsen, då det vart klart at Museet på Lysøen får 500.000 kroner frå formannskapets disposisjonsfond.

Midlane skal gå til brannsikring og vedlikehald av dei historiske bygga på øya.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det ville vera ein tragedie dersom Lysøen brann ned. Bygga er eit viktig element for Osbygdas identitet, sa Marie Bruarøy i si tilråding.

Ordførar Terje Søviknes og leiinga i kultureininga var nyleg i møte med KODE som har bede om støtte frå kommunen.

- Vi kjem ikkje til å gå inn med faste tilskot, men det kan nok koma spørsmål seinare om å oppdatera fasilitetane på fastlandssida, sa Søviknes som viste til planar om ny og universelt utforma skyssbåt.

Nore Neset

Også Nore Neset idrettslag og alle norenesingar kan gle seg. Formannskapet gjekk nemleg inn for å støtta ny kunstgrasbane med ein halv million kroner.

Og politikarane var ikkje ein gong i tvil.

- Dette bør vi støtta opp om. Nore Neset syner ei fantastisk dugnadsånd, og historia viser at vi i kommunen støtter opp om idretten, sa Arbeidarpartiets Helge Steinum.

Også Venstres Jon Sivert Rykkel var positiv.

- Det er lett å gje støtte til dette. Dokumentasjonen er solid og forarbeidet godt. Dette kan fleire læra av, meinte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre Nils Anders Nøttseter (MdG) kunne ikkje dy seg heilt.

- Reint personleg synest eg kanskje det er litt mykje fotball i samfunnet vårt, men eg skjønar at eg ikkje er i "sync" med resten av folket. Det er klart vi støttar dette, smilte han.