Pengedryss i Fjord´n Senter
Mange representantar frå ulike lag og organisasjonar kunne smila breitt i helga då Sparebanken Vest opna pengesekken på Fjord´n Senter.
Kvart år delar Sparebanken Vest ut midlar til lokale lag og organisasjonar. I år blei 220.000 kroner fordelt på tolv lokale lag og organisasjonar. Anja Riise i Sparebanken Vest Fusa, fortel at ein må søkja om midlar til konkrete prosjekt, og ikkje til drift.
- Ein kan berre søkja om tilskot til prosjekt. Det må vera til eksempelvis fotballskule, eller eit bygg ein skal laga til, seier Riise.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel vidare at det plar vera mange søkjarar kvart år.
- Vi prøver å fordela jamnt i forhold til bygder og ulike prosjekt, og at tilskot ikkje berre går til idrett eller kultur, men at det blir ein god blanding, seier ho.
- Er det slik at om ein får eit år, så får ein ikkje tilskot året etter?
- Nei, ein blir ikkje ekskludert om ein får eit år. Det kjem heilt an på prosjektet. Det er heller ikkje slik at ein automatisk får til neste år om ein ikkje fekk i år, seier Riise.
Har alt brukt pengane
Eikelandsfjorden idrettslag var eit av laga som fekk tilskot i år. Dei fekk 10.000 kroner.
- Vi søkte om midlar til Tine Fotballskule. Det gjorde vi for å kunna halda oss til ein låg påmeldingssum, slik at skulen var tilgjengeleg for så mange som mogleg, seier Merete Midtrød i Eikelandsfjorden idrettslag.
Tilskotet frå Sparebanken kom altså ikkje som ei overrasking laurdag. Alle dei involverte var klare over pengegåva.
- Dei som fekk tildelt pengar fekk vita det i kring sommarferien, så det kom ikkje som ei overrasking på dei, men for alle som såg på var det ei overrasking, seier Riise og smiler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Får like drakter
Volleyballgruppen i Strandvik idrettslag fekk 30.000 kroner til innkjøp av nye drakter til alle laga i gruppa.
- Endeleg skal alle laga få like drakter, seier Jorunn Hoel og held fram:
- Til no har laga hatt mange ulike drakter, nokre svarte med raudt på, andre har vore gule og nokre drakter har vore blåe. No skal alle vera kvite og blåe.
- Eit kjærkome tilskot?
- Så absolutt!
Desse fekk tilskot:
Strandvik idrettslag: 7.500 kroner - Strandvik Open.
Vinnesfestivalen: 9.500 kroner - Vinnesfestivalen 2016.
Eikelandsfjorden idrettslag: 10.000 kroner - Tine Fotballskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa frivilligsentral: 10.000 kroner- Ut i naturen for alle i Fusa.
Fusa Senioruniversitet: 10.000 kroner - Datakurs for seniorar.
Eikelandsfjorden Musikklag: 20.000 kroner - Fusamusikantar i Siddis Brass. Kvalitetsheving alle tre korpsa.
Eikelandsosen Skulemusikklag: 20.000 kroner - Eikelandsosen Skulemusikklag; aspirantar, juniorkorps og hovudkorps på full fart mot 50!
Baldersheim Bygdelag: 20.000 kroner - Redskapshus med toalett på Baldersheim gravplass.
Eikelandsfjorden Samfunnshus: 25.000 kroner - Lyddemping.
Fusa samfunnshuslag: 25.000 kroner - Nytt, elektronisk låssystem på Fusa samfunnshus.
Hatlestrand Bygdelag: 30.000 kroner - Hatlestrand Nærmiljøanlegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Strandvikk idrettslags volleyballgruppe: 30.000 kroner - Nye drakter til alle lag og utvikling av volleyballgruppa.