Passkaoset har ramma over 100.000 nordmenn
132.000 nordmenn har avlyst eller utsett utanlandsferien grunna mangel på pass. Og endå fleire kan koma etter.
I ei undersøking Norstat har gjennomført for NRK, fryktar så mange som 176.000 at dei må avlysa eller utsetja ferieturen sin på grunn av at dei ikkje får fornya passa sine. Undersøkinga viser også at 986.000 nordmenn alt har søkt om pass eller har planar om å søkja i år.
Politiet opplyser at venta leveringstid på pass no er sju veker, og dei reknar med at leveringstida vil auka utover sommaren. Etterslepet for nye pass skuldast to år med få turar utanlands og alvorlege leveringsproblem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Undersøkinga viser også at passkaoset går hardast ut over dei under 50 år.
Det går føre seg samtalar med andre land som vurderer å lempa på reglane for innreise med utgått pass, eller at landa kan godta andre måtar å legitimera seg på.