- Påska er høgsesong for villainnbrot
I påska og andre høgtider ser politiet ei auke i villainnbrot. - Det skjer både i Os og nabodistrikta. Ha augo opne, og sjå etter ukjende bilar, unormal åtferd og trafikk, oppmodar lensmann Oddbjørn Dyrdal.
For politiet er det viktig å førebyggja. Promillekontrollar og andre trafikkontrollar, og stans av bilar for å sjå kven som ferdast om natta, er ein viktig del av den jobben.
- I helga hadde vi promillekontroll i Lysefjorden og på Nore Neset. Totalt var det 49 kontrollerte og ingen utslag. Vi ønskjer å vera "på" i forhold til alle innbrota som har vore den siste tida, og sjå kven som er ute om natta. Når vi har høve til det, stansar vi mange bilar for å sjå kven som er der ute, for å kartleggja, og for å visa oss, seier Dyrdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Observante på strategiske punkt
Det er nokre stader i kommunen politiet er oftare tilstades enn andre.
- Når det kjem til kontrollar har vi ei oversikt over "klagestader", der publikum gjerne melder frå oftare enn andre stader. I tillegg er vi observante på strategiske punkt, som i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen, som er eit knutepunkt for trafikk til og frå Bergen. Men vi prøver å vera overalt, seier Dyrdal og held fram:
- Oppdagingsrisikoen skal vera der overalt. Kriminalitet skjer gjerne der ein får halda på i fred, men dei kriminelle skal ikkje vera meir trygg i grisgrendte strøk. Difor er det viktig for oss å vera synlege i heile kommunen, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Tips politiet
For politiet er det viktig at innbyggjarane er flinke til å melda frå om dei ser noko som kan karakteriserast som unormalt eller mistenkjelege åtferd.
- Vi går inn i ei tid kor mange er bortreist. Veit du at naboen eller naboane er på ferie, så følg med. Tips politiet om du ser ukjende bilar, eller mistenkjeleg åtferd, seier Dyrdal.