Papegøyen er tilbake hos eigar

Papegøyen som var på rømmen laurdag kveld, er attende hos eigar.

Politiet melde laurdag om ein papegøye på rømmen i Bjørnafjorden.

Ein person hadde fått besøk av papegøyen på terrassen og meldte frå til politiet. Papegøyen hadde fått mat og vatn, men meldar hadde ikkje noko eigna plass å ha papegøyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet bad om tips.

Seint laurdag kveld kom meldinga om at meldar og eigaren av papegøyen hadde kome i kontakt, og at papegøyen og eigar var lukke gjenforeint.

– Papegøyen kom til rette etter etterlysning på ei rekke Facebook-grupper, opplyser politet.

Papegøyen er grøn med oransje og raude striper, og har ring rundt foten.