Ulukka fann stad på Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset.
Ulukka fann stad på Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset.

Påkøyrsel i 70-sona

Ingen er alvorleg skadd i ulukka på Halhjemsvegen.

Klokka 12.26 melde politiet om ulukke på Lepsøy. Dette var ikkje rett, men ulukka har funne stad i 70-sona på Halhjemsvegen like ved Lepsøykrysset.

Får tilsyn frå helsepersonell

Politiet, brannvesen og ambulanse er på staden og undersøkjer dei involverte. Os og Fusapostens reporter på staden melder om berre mindre skadar på bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei involverte partane får legeundersøking no, men brannsjef Stein Gjøsund seier at det er lite som tyder på alvorleg personskade, seier Camilla Kvamme.

Brannvesenet har no returnert.