På veg til Vågadalen
Men brannen i tilknyting til ein komfyr på Lekven er truleg alt sløkt.
Klokka 15.23 melder brannvesenet på Twitter at dei er på veg til Vågadalen og ein etteranmeld brann.
Vakthavande hos Bjørnafjorden brann og redning opplyser nokre minutt seinare at mannskap er på veg til staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det skal ha brent i tilknyting til ein komfyr, seier han.
— Greidde dei som bur i huset å sløkkja han på eiga hand?
— Det er litt uklart, men det verkar slik. Vi køyrer ut for å sjekka, spesielt kring ventilator, at ikkje noko har «spredd seg i systemet».