- På tide med reform av yrkesfaga
- Kvifor skal folk som vil bli bilmekanikarar driva med novelle-analyse? Sylvi Listhaug, leiar for Frps kunnskap- og familieutval, synest det er på høg tid å reformera yrkesfaga.
Landbruksminister Sylvi Listhaug avslutta dagsbesøket i Os torsdag, med å delta på Frps opne møte om kvaliteten i Os-skulane på Os ungdomsskule.
Medan kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, og leiar for «Prosjekt Betre Læringsresultat», Eirik André Hesthammar (Frp), greidde ut om kva grep Os kommune har teke i barnehagar og grunnskule, var Listhaug meir oppteken av den vidaregåande skulen. Og då særleg yrkesfaga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle er like
- I Noreg dyrkar vi einskapsskulen. Alle skal læra det same og vera like. Men vi er jo ikkje like, sa Listhaug og la til at ho trur ein av grunnane til det store fråfallet i vidaregåande skule, er at vi dyrkar fag som elevane er dårlege i, i staden for det dei er gode i.
- Mange slit seg gjennom grunnskulen og trur at dei på yrkesfagleg vidaregåande endeleg skal få bruka evnene sine. Klart dei mister motet når dei oppdagar kor teoretisert skulen er, sa ho.
Smed og frisør
- I dag er det faktisk slik at 40 ulike yrkesfag, frå smed til frisørar og klesdesignarar, har dei same faga i fyrste klasse. Og eg som trudde det var snakk om tre ulike yrke, sa ho ironisk.
- Alle snakkar om det, men ingen gjer noko med det. Men det er på tide å ta diskusjonen om ikkje vi treng ein ny reform, sa ho.
Realfagsgymnas
Listhaug peika også på paradokset i at alle aksepterer at vi har Toppidrettsgymnas der talentfulle idrettsutøvarar får utvikla seg, men med ein gong det er snakk om å tilby til dømes eit Realfagsgymnas, så blir det eit problem.
- Men det er ikkje eit problem at folk er flinke. Det er faktisk bra, meinte ho.
Ja til hyppig testing
Listhaug var også innom grunnskulane, og snakka varmt om Oslo-skulane og hyppig testing av elevane.
- Det er lurt å testa elevane i god tid før femte klasse. Då veit vi kva dei kan og ikkje. Det er jo utruleg, men det finst elevar som har gått 10 år på skulen, utan å lære å lesa og skriva skikkeleg, sa Listhaug og synte til at det i Oslo vert stilt krav om resultat til rektorane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det betyr at dei igjen må setja tydelege krav til lærarane, og det gjev resultat, sa Listhaug og brukte Søndre Nordstrand som døme. Sjølv om det er ein bydel med stor del innvandrarar, skåra dei betre på skuletestar enn Trondheimsskular frå område med såkalla ressurssterke foreldre.
- I norsk skule har vi forresten brukt enorme summar på spesialundervisning. Det kunne jo ha vore interessant å vurdera kva vi har fått ut av dette, la ho til.