Sidan 1938 har Drageset-bygget hatt ein svært sentral plass i "bybiletet" i Os sentrum.
Sidan 1938 har Drageset-bygget hatt ein svært sentral plass i "bybiletet" i Os sentrum.

- På tide å overlata bygget til andre

Drageset/Lyssand-familien er klar for å selja Drageset-huset i Os. - Me har trua på Os sentrum og håpar nye eigarar kan gje bygget eit løft, seier Bjørg Drageset Lyssand.

I lag med far hennar Gunnar Lyssand og søskena Torgeir, Lene og Anders er ho per dags dato framleis eigar av det klassiske handelshuset i Os sentrum.

I bygget er Joker-butikken framleis i drift, men i dei tre øvste etasjane har det ikkje vore butikkdrift sidan 2012.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har ikkje kapasitet

Bjørg Drageset Lyssand vedgår at det er spesielt å selja eit hus som har vore i familien i så mange år, men presiserer at heile familien no er samde om at dette er det einaste rette.

- Me ser at det er ingen av oss som har tid og kapasitet til å sitja som aktive huseigar i Os sentrum, spesielt i ei tid der Osøyro er i fornying og det å vera grunneigar i sentrum difor fordrar mykje arbeid, seier Drageset Lyssand.

Ho håpar ho nye eigarar vil gjera sitt for å gje både bygget, og resten av sentrum, eit løft.

Nydelen av Drageset-bygget, til høgre her, vart bygd i 1980.
Nydelen av Drageset-bygget, til høgre her, vart bygd i 1980.

- Dette er eit hus på vel 1.800 kvadratmeter. Potensialet er enormt. Huset treng rett og slett handlekraftige og visjonære eigarar som veit kva dei driv me. Det å vera huseigar i eit sentrum er ikkje berre berre. Ein må vita kva ein driv med. Det både håpar og reknar me med at dei som tek over gjer, seier ho.

Glad i sentrum

Drageset/Lyssand-familien fekk sjølvsagt med seg den negative artikkelen i BT for eit par veker sidan. Dei synest ikkje den gjev eit rett bilete av dagens sentrum.

- Det skjer så mykje flott og spennande på Osøyro no, og mange flinke folk bidreg til å få opp livet i handelsstaden. Me er glade i Os sentrum, og både håpar og trur på framtidig vekst og auka tilkomst av kundar og besøkande, seier ho.

Det karakteristiske Drageset-bygget med nærast 1930-tals funkis-stil vart bygd i 1938. Handelsbutikk-gründer Bjarne Drageset kjøpte bygget i 1954.

Tilbygget som vender mot kommunehuset kom først opp i 1980.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande prosjekt

Bjørn Arne Braathen i Privatmegleren Syd er mannen som skal selja på vegner av familien. Han gler seg.

- Det blir spennande. Det er eit flott bygg med stort potensiale. Det skjer mykje i Os for tida, og eg håpar den positive utviklinga er med på å gjera Drageset-huset ekstra interessant, seier Braathen.