Det vert truleg forbode å køyra denne vegen ut av Os sentrum i nær framtid.
Det vert truleg forbode å køyra denne vegen ut av Os sentrum i nær framtid.

- Øyro vert einvegskøyrt

Det vert jobba for å gjera Øyro einvegskøyrt frå Legangerhjørnet til Torggata. Det stadfestar ordførar Terje Søviknes og prosjektsjef Tor Inge Døsen.

Som del av planane med å opprusta Os sentrum, fortel Døsen om nytenkinga knytt til køyremønster.

- Øyro blir einvegskøyrt frå Legangerhjørnet (der Nordisk rom/«Os og Fusaposten» i dag har tilhald) til Torggata. Det skal vera lett for kundane å sleppa inn, men litt vanskelegare å sleppa ut att, seier Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når bilane skal ut att må dei dermed køyra via Giskavollen eller ut Brugata - som framleis blir tovegskøyrte.

Ein vegstubb som ikkje er omfatta

Den delen av Øyro som er nærast Byvegen blir derimot som før. Dermed vert ikkje Øyro frå Legangerhjørnet til Kyrkjetunet omfatta av vedtaket, og heller ikkje køyremønsteret på bussterminalen.

- Bussane får både inn- og butkøyring både i rundkøyringa og ved Lundehjørnet, som i dag, seier ordførar Terje Søviknes.

Utfordrar politikarane på gratisparkering

Litt lenger fram i tid vert det også Torggata stengt, sidan det er planlagt grøntareal framføre rådhuset når parkeringshuset blir realisert.

- Parkeringshuset er ikkje med i rådmannens budsjett. Skal det realiserast snart, må det tenkjast nytt. Til dømes kan det byggjast av private, seier Tor Inge Døsen.

Som «Os og Fusaposten»har skrive om tidlegare, vil det bli ein større diskusjon om kva som kjem til å skje dersom det blir betalt parkering i parkeringshus, men fortsatt gratis på resten av Osøyro.

- Dersom det blir betalt parkering i parkeringshuset, men framleis gratis på resten av Osøyro, kan parkeringshuset bli ståande tomt. Difor må kommunestyret ta ein breiare debatt om parkeringsregimet i Os sentrum, seier Døsen.

Utval skal sjå på parkeringsregime

Neste månad kjem saka opp politisk. I fleritalsvedtaket frå budsjetthandsaminga i desember ligg det nelmeg inne eit verbalframlegg om å etablera eit adhocutval som skal greia ut finansieringsgrunnlaget, organisasjonsmodell, framdriftsplan og framtidig parkeringsregime for Osøyro. Utvalet vil få medlemmar frå politisk nivå, administrasjonen og representantar frå Os Sentrum og grunneigarane på Osøyro. Utvalet skal henta inn erfaringar frå andre tettstader, og fremja ei samla innstilling til formannskap/kommunestyre i løpet av året. Utvalet vil bli oppretta i formannskapsmøtet i februar.