Arbeidet med fleirbrukshallen i Fusa starta i midten av mai. Overskotsmassar herifrå kan verta ny molo i sentrum.
Arbeidet med fleirbrukshallen i Fusa starta i midten av mai. Overskotsmassar herifrå kan verta ny molo i sentrum.

Overskotsmassar kan verta molo

Overskotsmassar frå fleirbrukshallprosjektet vert truleg nytta til å byggja molo i Eikelandsosen. Saka skal handsamast av Fusa formannskap i dag.

Ifølgje prosjekteringa av grunnarbeidet til fleirbrukshallen vil det vera snakk om eit relativt stort overskot av steinmassar. Kanskje opp mot 10.000 kubikkmeter med fast fjell.

I slutten av april skreiv Os og Fusaposten om ordførar Atle Kvåle (Ap) sitt ønske om å nytta overskotsmassar frå fleirbrukshallprosjektet til å utvida hamna i Eikelandsosen. No ser forslaget ut til å verta ein realitet. I alle fall om formannskapet sluttar seg til rådmannen sitt framlegg til vedtak: Planlegging av, og bygging av molo ved gjestehamn i Eikelandsosen sentrum, i samsvar med reguleringsplan vedteken i 2004, vert gjennomført ved bruk av overskotsmassar frå fleirbrukshsallprosjektet. Arbeidet vert finansiert ved hjelp av midlar frå prosjekt 230 (forprosjekt/vidareutvikling Leiro) på investeringsbudsjettet for 2016 (inntil 500.000 kroner), heiter det i sakspapira.

Artikkelen held fram under annonsen.

- God sentrumsutvikling

Reguleringsplanen for Eikelandsosen sentrum viser ei gjestehamn for småbåtar i området vest for Fjord'n senter. Til moloen på vestsida av hamna vil det i første omgang vera trong for mellom 5.000 og 6.000 kubikkmeter stein.

Vidare går det fram av sakspapira at utfylling og plastring på utsida av moloen kan skje etter sommarferien. Deretter kan moloen ferdigstillast når setningane i massane er ferdige, det vil seia i 2017.

Administrasjonen reknar med at arbeidet som skal gjerast inneverande år vil kosta om lag 500.000 kroner. Då vert i så fall transport av steinmassane belasta hallprosjektet. Vidare ser ein føre seg ei kostnadsramme på alt frå 400.000-800.000 kroner for ferdigstillinga av hamna, avhengig av kor omfattande ein gjer arbeidet med bryggje og anna tilrettelegging.

- Bygging av molo i samsvar med reguleringsplanen vil etter rådmannen sitt syn vera god sentrumsutvikling. Gjestehamn er mangelvare i Eikelandsosen sentrum, og vil vera ei utviding av tilbodet i sentrum. Økonomisk og praktisk vil det vera svært gunstig å nytta overskotsmassar til prosjektet, skriv rådmannen.