- Overraskande og positivt
- Dette betyr at me kan følgja den opphavlege planen slik at folket får seia sitt, kommenterer ordførar Terje Søviknes etter at Fusa snudde i saka om kommunesamanslåing.
Fusa kommunestyret gjekk imot innstillinga frå styringsgruppa og sa i kveld ja til å gå vidare med arbeidet med intensjonsavtalen.
- Dette var både positivt og overraskande. No kan me fullføra medverknadsprosessen me har lagt opp til, kommenterer Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne omfattar at intensjonsavtalen skal ut på høyring, for Os sin del, folkemøte, og felles meiningsmåling.
- Det er grunn til å gje honnør til politikarane i Fusa for å få prosessen tilbake på sporet. Ekstra kjekt at vedtaket var samrøystes, seier Søviknes.
Han legg til at dei no vil samla representantane i forhandlingsutvalet i dei to kommunane snarast råd, kanskje allereie torsdag, for å bearbeida intensjonsavtalen no når det er to kommunar att. Dette for å gje innbyggjarane eit best mogleg grunnlag for å kunna seia si meining.
- Når det gjeld tidspunkt for endeleg handsaming i kommunestyra, lyt me kanskje sjå om dette bør skubbast litt lengre ut i juni. Det er ein stram tidsplan det er lagt opp til, og no vert det ein liten ekstra runde å gå.
- Kva tenkjer du om å samarbeida med ordføraren i Fusa etter hendingane i førre veke?
- Sjølv om det gjekk ei kule varmt sist veke, så må no koma attende på sporet og finna ut av det. Me har allereie hatt litt kontakt.