I sommar stengjer interiørbutikken Landboden på Øyro dørene.
I sommar stengjer interiørbutikken Landboden på Øyro dørene.

Over og ut for Landboden

Etter 20 år i verksemda, kastar Kristin Oma inn handkleet. Interiørbutikken Landboden stengjer dørene i løpet av sommaren.

- Det har vore ein tung prosess. Spesielt med tanke på at eg har hatt tilsette i butikken. Eg hadde tenkt at eg og Aud Jorunn (Ersvær) skulle bli gamal saman her, seier Oma og smiler.

Oma vedgår at ho har talt litt på knappane dei tre siste åra. Likevel fylte ho butikken med varer like før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men no er det definitivt slutt. Dei siste månadene har ho selt ut varene til reduserte prisar.

- Butikken er halvtom allereie. Eg satsar på at eg har selt ut det meste innan sommaren er over, seier ho.

Familieverksemda held fram

Oma presiserer at det er Landboden som legg ned, ikkje Mikal Tønjum AS. I andre etasje på Øyro held familieverksemda, som vart etablert i 1936, fram med installasjonar og anna elektrisk arbeid.

- Sonen vår, Michael Oma Tønjum, er ferdig utdanna elektrotekniker. Det er han som skal overta på sikt, seier Oma.

Kva ho skal finna på, veit ho ikkje.

- Vegen vert til medan eg går. Eg har mange idear, men eg har ikkje bestemt meg enno. Eg skal bruka tida på å tenkja, eg er jo eigentleg utdanna lærar, fortel ho.

- Heldigvis har Aud Jorunn fått seg ny jobb. Då senka skuldrene mine seg. Ho har arbeidd hjå Mikal Tønjum i 40 år og har vore ein fantastisk tilsett og arbeidskollega, seier Oma.

Trufaste kundar

I 2001 flytta interiørbutikken frå Landboden til Øyro. Oma har stortrivast i hjartet av sentrum. Det ho kjem til å sakna mest, forutan Aud Jorunn, er kundane, den gode praten, samt fellesskapen med dei andre næringsdrivande på Osøyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har hatt mange trufaste kundar. Ikkje berre frå Os, men Bergen, Fana, Ytrebygda, Sotra og mange andre stader, seier Oma og oppmodar folk som har gåvekort eller tilgodesetlar om å koma innom innan kort tid.

- Dersom nokon ønskjer å bestilla noko, så gjer vi også det. Vi må jo yta sørvis til det siste.

Kva som hender med butikklokala i første etasje, er enno usikkert. Oma ser ikkje bort i frå at ho kan gjera "comeback" i bransjen.

- Men det må bli nokon år til, seier Oma og presiserar at ho er takksam overfor kundane som har vore med på å "laga liv på Øyro".

- Og så vil eg ønska alle dei andre butikkdrivarane lukke til vidare, legg ho til.