Over 400 kan bli tekne ut i streik
To fagforbund med til saman 424 medlemmer i lokale verksemder, har brote forhandlingane med Norsk Industri.
Fellesforbundet og Parat er ikkje einige med Norsk Industri om lønn og goder. Medan dei to førstnemnte organiserer dei tilsette, består Norsk Industri av arbeidsgjevarane. Til saman 26.000 arbeidarar over heile landet kan bli tekne ut i streik frå sundag morgon klokka 6 dersom partane ikkje vert samde i løpet av laurdagen.
Fem lokale verksemder
I Os og Fusa er det fem store verksemder som i så fall vert råka av streiken. Fellesforbundet er den som organiserer desidert flest av dei lokale arbeidstakarane:
Artikkelen held fram under annonsen.
Arka AS: 24 organiserte
Benarx Solutions AS: 60 organiserte
Marine Fabrication AS: 5 organiserte
Rolls-Royce Marine AS avd Hagavik: 37 organiserte (+ 3 hos Parat)
Framo Fusa AS: 295 organiserte
Av nabokommunane er Windsor Doors (36 organiserte) på Tysnes og Safa-Samnanger fabrikker (4 organiserte) representerte hjå Fellesforbundet, i tillegg til ei rekkje verksemder på Kokstad med Os-busette arbeidarar - mellom anna Munck Cranes (19 organiserte).
Har fire dagar på seg
Ifølgje Haugesunds Avis skal sosial dumping og kor vidt framtidig pensjonsordning bør vera ein del av forhandlingane, vera drøftingstema. Partane jobbar i mindre grupper med åtte-ti problemstillingar.
Partane har vore i frivillig mekling i to veker. Etter brotet var eit faktum, har dei plikt til å koma fram til ei semje i løpet av fire dagar med tvungen mekling. Riksmeklingsmann Nils Dalseide har uttalt at det ikkje er uvanleg at det først blir på overtid at partane kjem fram til eit resultat.