Ann-Kristin Magnussen og Mia Helen Bjånesøy frå Anko skal innom mange stoppestader i sentrum i dag. I tillegg til å måla punkter, tek skanningapparatet bilete av alle detaljane i gatebiletet.
Ann-Kristin Magnussen og Mia Helen Bjånesøy frå Anko skal innom mange stoppestader i sentrum i dag. I tillegg til å måla punkter, tek skanningapparatet bilete av alle detaljane i gatebiletet.

Osøyro i 3D

Nei, det er ikkje laserkontroll i sentrum igjen. Ann-Kristin Magnussen og Mia Helen Bjånesøy frå Anko held berre på å laga ein 3D-modell av Os sentrum.

Arbeidet vert utført på oppdrag for Os kommune og Smedsvig Landskapsarkitekter. 3D-modellen skal brukast i samband med fornyinga av Os sentrum.

- Alle detaljar skal med. Alt frå gater og bygningar til lyktestolpar og asfaltkantar, fortel oppmålingsingeniør Ann-Kristin Magnussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med kollega Mia Helen Bjånesøy brukar ho ein heil dag på å få med seg alle detaljane i gatebiletet.

- Vi er litt over halvveges no. Vi bruker om lag 5-10 minutt på kvar stad, fortel Magnussen.

Det einaste problemet er vêret. Skanningapparatet toler nemleg ikkje regn, så det vert nokre pausar innimellom.

Oppmålingsingeniørane Ann-Kristin Magnussen (t.h.) og Mia Helen Bjånesøy får mange nyfikne blikk frå forbipasserande når dei er på jobb.
Oppmålingsingeniørane Ann-Kristin Magnussen (t.h.) og Mia Helen Bjånesøy får mange nyfikne blikk frå forbipasserande når dei er på jobb.

- Er det mange som lurar på kva de held på med?

- Ja, det kan eg lova deg. Mange spør på om dei skal smila når dei går forbi. Elles er det mange bilførarar som bremsar ned når dei ser oss. Folk køyrer nok ekstra fint i sentrum i dag, seier Magnussen og smilar.

Når duoen er ferdig med å måla Øyro på retten og rangen, går turen attende til kontoret. Der brukar dei ein god del tid på å fjerna uønskte element, så som menneske og bilar, frå den ferdige modellen.

- Og så teiknar vi opp alt slik at alle detaljane kjem med, seier Magnussen før ho og Bjånesøy tek med seg dei to apparata til neste hushjørne.