Silje Bolstad og Jan Frode Sandvik i Osøyro Åpen barnehage meiner at leikeapparat i sentrum vil bidra til liv på Øyro. - Det ser me når me er ute og leikar med ungane. Aktiviteten trekkjer til seg både pensjonistar og andre, seier Bolstad.
Silje Bolstad og Jan Frode Sandvik i Osøyro Åpen barnehage meiner at leikeapparat i sentrum vil bidra til liv på Øyro. - Det ser me når me er ute og leikar med ungane. Aktiviteten trekkjer til seg både pensjonistar og andre, seier Bolstad.

Osøyro Åpen barnehage: Ønskjer leikeapparat på Kyrkjeflaten

- Me er budd på å måtte betala sjølve, men håpar kommunen vil vera med og bidra med vedlikehald, om dette lèt seg gjera, seier styrar i Åpne barnehagar, Jan Frode Sandvik.

Osøyro Åpen barnehage held til i Kyrkjetunet, og er open kvar onsdag. Borna, saman med dei vaksne, bruker Kyrkjeflaten som uteområde, og ønskjer no å gjera plassen meir barnevenleg.

- Me har nokre leiker, som ein plastrutsjebane, og ei disse me heng i eit tre. Det plar me ta med ut om vêret tillet det. Men me ønskjer å utvida tilbodet til borna, seier Sandvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skaper liv på øyro

Styrar i barnehagen, Silje Bolstad, fortel om eit yrande liv når borna er ute og leikar.

- Ofte når me er ute med borna, kjem det pensjonistar og andre for å helsa på. Me trur at leikeapparat kan vera med og bidra til liv på Øyro, som det er så mykje snakk om, seier ho.

No har dei sendt ein førespurnad til Os kommune, der dei skriv at dei ønskjer å kjøpa ein større, solid leikebåt (sjå bilete). Dei har også sendt ein kopi til ordførar Terje Søviknes, og spurt om korleis dei skal gå fram for å få dette til.

Her er båten dei ønskjer å få setja opp på Kyrkjeflaten. (Tress.no)
Her er båten dei ønskjer å få setja opp på Kyrkjeflaten. (Tress.no)

- Leikeapparatet vil sjølvsagt ikkje berre vera for borna i barnehagen, men for alle som ønskjer å bruka tilbodet, seier Sandvik.

Prinsipiell drøfting

Ordføraren har registrert førespurnaden. Han fortel at dette er ei sak for eigedomsutvalet.

- Dei handterer spørsmål kring kommunal eigedom. Bruken av Kyrkjeflaten har vore diskutert tidlegare. Eg trur det er fornuftig å ta ei politisk og prinsipiell drøfting på bruken av dette området. Så kan me henta inn uttale frå mellom andre kyrkja i same slengen, seier Søviknes.

Frikjøpsordning

Stad og moglegheits-analysen som Asplan Viak utarbeidde for to år sidan, omfatta også fellesareal i sentrum til parkar og leikeplassar. Slike grøntområde er også eit krav for å kunna byggja nye bustader i sentrum.

- I ettertid av analysen, er reguleringsplan for nye bustader over daglegvarebutikken i midtpunktbygget blitt godkjend. Men her slit ein med ute- og leikeareal. Det er ikkje plass til noko slikt på tomta. Difor har me sagt at det kan vera aktuelt å ta i bruk ein større del av Kyrkjeflaten, seier Søviknes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då blir det ei frikjøpsordning for bustadprosjekta, der dei kan kjøpa seg fri frå delar av krava om uteareal på bakkeplan. Då kan me heller i kommunal regi opparbeida denne typen leikeplassar, når tiltakshavar ikkje har plass til dette på eigen grunn.

- Me er jo ein ja-kommune

Det har blitt diskutert kva profil "parken" på Kyrkjeflaten skal ha.

- Nokre vil ha sandvolleyball-bane, andre vil ha basketball. Det er mange som ønskjer ulike ting. Dette er ein god grunn til at me tek ein ny prinsipiell runde i kommunen. Men her har barnehagen eit ønske om eit konkret apparat. Søknaden er registrert, og eg trur dei kan forventa seg svar første veka i desember.

Utan å ville føregripa sakas gang, legg Søviknes til:

- Me har jo som hovudregel i Os kommune at me skal seia ja, om me ikkje har ein god grunn til å seia nei. Så kan ein tolka det slik ein vil, smiler ordføraren.