Osfest vil vekk frå sentrum
Leiinga av festivalen har opplevd ekstra utfordringar ved å arrangera festivalen på Osøyro, og ser seg no om etter ny lokalisering i bygda.
Ei årsak er meirarbeid knytt til sentrum som festivalarena, ein annan er tapte inntekter som følgje av handelslekkasje til nattklubbar.
- På grunn av ein del utfordringar ser me oss om etter ei ny plassering ein annan stad i bygda. Me har fleire ulike arenaar som me no vurderer, seier Tor Egil Hylland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nore Neset, Kuventræ og Ulvensletta er blant alternativa som blir vurderte.
- På desse stadene slepp ein i tillegg ekstraproblema med å sperra sentrumsgater og å finna nok parkeringsareal, seier han.
Ser til Tysnesfest
- Ser du på Tysnesfest til dømes, så har dei sjølve festivalområdet ca 20 minutts gange frå sentrumskjernen. Dermed blir folk på festivalområdet når dei først er komne dit, seier Hylland.
Det har nemleg vore eit problem på Osfest at folk brukar pengane sine andre stader i sentrum enn i festivalens eigne telt.
- Me er her for å skapa ein god festival, men er avhengige av inntekter frå sal av mat og drikke for å få det til å gå rundt, seier Hylland.
Sentralidrettsanlegget som arena?
Kuventræ er altså ein av stadene som vert vurderte. Jon Sivert Rykkel ved Osbadet kan stadfesta at det har vore ein viss dialog mellom dei og Osfest.
- Eg kan seia at dersom Osfest skal arrangerast på same tid til neste år som i år, så har me kapasitet til det. I sommarferien er anlegget mykje mindre i bruk, og det kolliderer såleis ikkje med andre aktivitetar. Så teknisk er det mogleg, og Osbadet har både plass og høve til å arrangera festivalar, seier Rykkel.
Problematisk uteservering
Det er særleg forholdet til utelivsaktørar i sentrum som har vore problematisk for festival-økonomien. Sal av mat og drikke like før inngangspartiet til festivalområdet, har ført til handelslekkasje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I år tapte me ein million kroner på sal av mat og drikke i forhold til året før. Det har med å gjera alle dei andre aktørane som skal tena pengar på festivalen, seier styreleiar Tor Egil Hylland.
- Kva tenkjer du då om at politikarane er overraska over det store spriket mellom kva Osfest budsjetterte med og kva som vart resultatet?
- Til det er å seia at det nesten er umogleg å budsjettera med kor mange som skal dukka opp på ein festival. Og så er det jo politikarane som har gjeve løyve til uteserveringa som me særleg tapar pengar på. Først gjev dei ein halv million i støtte, og så undergrev dei økonomien vår ved å vera liberal på å gje utvida skjenkeløyve - attpå til like før inngangspartiet til festivalområdet.
Gratispassasjerar
- Utelivsaktørane får dermed inntekter som elles ville kome festivalen til gode?
- Ja, og der kan jo publikum sitja og høyra på musikken frå Osfest, utan å kjøpa inngangsbillett. Me opplevde også at folk trekte ned til Os sentrum innimellom konsertane, i staden for å halda seg på festivalområdet. Eg vil seia det så sterkt: Dersom me ikkje hadde fått fem øre i støtte og dei heller hadde late oss få ha einerett på sal av mat og drikke under festivalen, hadde me kome betre ut økonomisk, seier Hylland.