Opposisjonskameratane Tone Hepsøe (f.v.), Nils Anders Nøttseter, Helge Steinum og Jon Sivert Rykkel fann saman om Osfest.
Opposisjonskameratane Tone Hepsøe (f.v.), Nils Anders Nøttseter, Helge Steinum og Jon Sivert Rykkel fann saman om Osfest.

Osfest får 500.000 etter dobbelstemme

Med ordførarens dobbelstemme fekk Osfest 500.000 kroner i støtte frå Os kommune, men ikkje utan debatt.

MDGs Nils Anders Nøttseter fekk opp temperaturen i Os formannskap då han stilte spørsmål ved Osfests budsjett.

- Det er brukt heile 700.000 kroner på konsulenthonorar og rådgjeving. Altså meir enn 10 prosent av det totale rekneskapet. Kva har desse pengane gått til? Dette treng vi å ha innsyn i når kommunen støttar med store summar, sa Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viste til at Osfest profilerer seg som eit frivillig arrangement der ingen vert løna.

- Difor håpar eg at konsulenthonorara ikkje er skjult løn. Eg er absolutt for at folk i kulturlivet skal få betalt, men då må det skje ope og ikkje vera hemmeleg, sa Nøttseter og ytra ynske om meir innsyn.

Han greip også fatt i Osfests samla budsjettal. Der opererer dei nemleg med samla utgifter på 6 millionar kroner og den same summen i utgifter.

- Men eg har rekna på tala, og for meg ser det ut som om dei har hatt 6,6 millionar i inntekter. Dermed sit dei att med eit driftsresultat på 600.000 kroner. Dette forbausar meg litt, sa Nøttseter som peikte på at det er snakk om store summar for det frivillige kulturliv.

Buffer til dårlege tider

- Ja, det er snakk om store summar. Men samanliknar vi med Tysnesfest er Osfest framleis liten, sa Søviknes.

Han var likevel samd i at openheit om budsjettet er viktig både for kommunen og andre instansar. Difor føreslo han å invitera festivalleiinga til formannskapet. Noko han fekk tverrpolitisk støtte for.

- Alle festivalar treng å byggja opp ein buffer til dårlege tider. Difor rår eg til at vi støttar Osfest, sa ordførar Terje Søviknes. Nokon underskotsgaranti meinte han likevel var uaktuelt.

- Då flyttar vi ein risiko over på våre hender, men vi skal ikkje ta risikoansvaret vekk frå dei som er ansvarlege, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marcus & Martinus

Eirik André Hesthamar (FrP) drog fram den utselde Marcus og Martinus-konserten.

- Å selja 5.000 billettar tilseier at dette blir det største arrangementet i Os nokon gong. Dette er noko vi aller høgste grad skal støtta opp om. Då må vi gje Osfest gode føter å stå på, sa han.

Formannskapet diskuterte også om Osfest burde ha kome inn på det faste kulturbudsjettet, i staden for å få tildelt midlar frå formannskapets disposisjonsfond.

- Kanskje kunne vi då ha stilt større krav og påverka meir, men det trur eg vi kan gjera likevel ved å støtta frå år til år, sa ordføraren.

- Eg skulle likevel ynske meg at innstillinga om støtte hadde kome frå kultureininga, repliserte Nøttseter.

- Dette er det største kulturtilskotet vi skal handsama, då hadde det vore naturleg med input frå fagetaten vår.

- Sjølv om vi ikkje har gjort det hittil, kan vi sjølvsagt gjera det framover, svara Søviknes.

Stakk hovuda saman

I pausen før votering, stakk Nøttseter hovudet saman med Venstres Jon Sivert Rykkel og Tone Hepsøe og Helge Steinum frå Arbeidarpartiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman fremja dei eit forslag om å støtta Osfest med 200.000 kroner.

- Vi synest det er ein vond trend at Os kommune aukar støtten år for år, samtidig som festivalen alt no har utselde konsertar. Vi er imot å gje så mykje pengar, sa Helge Steinum (Ap) og gjekk inn for ein sum 300.000 kroner under forslaget frå Høgre/FrP-alliansen.

Med ordførarens dobbelstemme enda det likevel med 500.000 kroner til festivalen.