Os Turlag tildelt Inspirasjonsprisen 2015
Laurdag kveld mottok Os Turlag, ved Arvid Øvreeide og Kåre Nytre, prisen for sitt utrøyttelege arbeid med å halda stiane i Os godt synlege og i god stand.
Under den høgtidlege avslutningsmiddagen til det avtroppande kommunestyret mottok fann utdelinga stad. I tillegg til å bli heidra offentleg for sitt arbeid, mottek laget også 50.000 kroner til nytte for turlagets aktivitetar, samt eit kunstverk signert
- Dette er ein gjeng fantastisk eldsjeler. Kvar tysdag går ein gjeng som kallar seg trivselsgruppa ut i Os-naturen for å merka og rydda stiar til beste for oss andre. På heilt frivillig basis. Det gjer ein utruleg god innsats, sa ordførar Terje Søviknes då han delte ut prisen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt spesiell takketale
Det var då også kvelden for dei lange takketalar, utdeling av medaljar, blomar og andre teikn på takksemd. Leiarane av dei politiske utvala som no gjev taumane over til andre, vart takka med blomar, og Øystein Nordvik (TvS), Bjørn Matland (H) og Terje Sperrevik (TvS) fekk tildelt Kommunesektorens fortenestemedalje. Ein lattermild ordførar hadde følgjande kommentar til den ofte kritiske Sperrevik: "Du har vore ein skikkeleg "pain in the ass" av og til, men du har samtidig gjort ein fantastisk jobb"
- Noregs beste rådmann
Deretter var det kveldens største heidersgjest, avtroppande rådmann Knut Terje Rekve, sin tur til å bli takka. Rekve set i haust punktum for ei rådmannkarriere som har vart i nesten 30 år. Før han kom til Os, var han rådmann i Hyllestad, Fusa og Kvam. Ordføraren viste til at under Rekve har pilene sakte, men sikkert teke til å peika rett veg for Os. Økonomien er på stell, kommunen har klatra samanlikninga med mange andre kommunar i effektivitet, og lille Os har no meir på bok (gjennom fond) enn storebror Bergen. Søviknes gav mykje av æra til rådmannen.
- Det har vore fantastisk å jobba med deg. Forholdet vårt har vore bygt på tillit og lojalitet. Mange seine kveldar har det vore berre to kontor med lys i borte på rådhuset - mitt og rådmannen sitt. Eg kjem til å sakna dei stundene der eg berre kunne stikka innom kontoret ditt og drøfta ei sak. At du er Hordalands beste rådmann er eg ikkje i tvil om, kanskje også Noregs beste, sa Søviknes.
Rådmannen forklarer suksessen
- Det er rart å snakka etter Terje. Han seier alltid det eg skulle seia, begynte rådmannen.
- Det har vore ei eventyrleg reise. Noko av grunnen til at eg valde Os, var at ein her hadde gjennomført eit arbeid som munna ut i Os inspirerer-prosjektet. Yes, tenkte eg, endeleg nokon som har bestemt seg for å løfta kommunen vidare i lag. Ofte har det kome folk bort til meg og spurt: "Kva er det eigentleg du har gjort i Os?" når dei ser resulata me har fått til. Me har innført ei tenking om at Nei har bevisbyrden. Det er ingenting som skaper meir effektivitet enn det, sa Rekve. Han sikta til ja-kommunen Os, der filosofien er at det ein ikkje har god grunn til å seia nei til, skal ein seia ja til.
- Min filosofi når eg skal jobba for å oppnå resultat i Os er at det er vanskeleg å jobba utan at alle er med. Difor må ein vera lydhør og ta andres meiningar på alvor, sa Rekve.
- I tillegg har eg vore eit konkurransemenneske. Når eg ser at andre kommunar gjer det betre enn oss på eit felt, tenkjer eg: "Dette bør me også kunna få til", og helst betre.
Han la til at det er noko i konkurransementaliteten som no fortel han at han bør tre til sides.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg må tre av før eg øydelegg noko av det eg har vore med å byggja opp. Eg har ei god kjensle, men ein må gje seg medan leiken er god.
Han nytta også høvet til å skryta av ordførar Terje Søviknes.
- Du har vore ein god støttespelar for meg. Det er sant at Os inspirerer, men det gjer sanneleg du også, sa Rekve.