Os Røde Kors deler ut PANTO-midlar til gode tiltak. Desse får støtte i 2022
Har bestemt kven som skal motta midlar i år.
Os Røde Kors mottar overskotet av PANTO-midlar frå panteautomatane i daglegvarebutikkane i Os.
– Dette er midlar som er gitt av innbyggjarane i Os. Os Røde Kors gjorde difor et årsmøtevedtak i 2016 om at ca halvparten av disse midlane skal brukast til konkrete tiltak og aktivitetar i Os - tiltak og aktivitetar som kjem folk i Os til gode og som ligg innanfor Røde Kors sine prinsipp, skriv lokallaget i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Styret for Os Røde Kors har bestemt at midlane for 2022 skal gå til:
* Os Pensjonistforening og Os Eldreråd sitt prosjekt «Kvilebenkar i Bjørnafjorden». Bidrag til innkjøp av ni benkar, kr. 31.500.-.
* SOS Bjørnafjorden har behov for meir lagerplass og er på jakt etter større lokale. Bidrag til husleige i nye lokale, kr. 25.000.-.
* Brøddamo i Os og omegn. Behovet for hjelp har auka og dermed også utgiftene til transport av varene. Bidrag til dekning av driftskostnadene til bilen, kr. 25.000.-.
– Resten av PANTO-midlane vert nytta til å betra beredskaps-, barne- og omsorgsarbeidet til Os Røde Kors og til innkjøp av utstyr, opplæring og kostnader i samband med desse aktivitetane, vert det opplyst i pressemeldinga.
Os Røde Kors nyttar samstundes høvet til å ønskja samarbeidspartnarar og osingane ei riktig god jul og takka dei som nyttar Pantelotteriet når dei pantar i butikkane i Os.