Os Musikkforening opna dagen med musikk frå Finnebrekka
Korpset starta årets 17. mai på tradisjonelt vis.
Musikantane i Os Musikkforening er i gang med «årets viktigaste dag», og starta dagen med å spela i Finnebrekka.
Korpset har ulike «oppdrag» utover dagen, med mellom hagekonsert for ein heldig vinnar av konkurransen deira på Facebook.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå Nordsjøen
Raymond Tveit frå Baldersheim har sendt oss dette stemningsfulle biletet frå Nordsjøen.
– Gratulerer med dagen frå Balderfeltet i Nordsjøen. Ein flott start på nasjonaldagen, med sol og vindstille kl. 06:30, skiv Raymond.
I Osbadet
I Osbadet tok Sissel Bahus ein for laget då det skulle pyntast til nasjonaldagen.
- Sissel liker seg ikkje i høgda, men flagget skulle til topps, smiler Wenche Nyhamn Olsen.