- Os må førebu seg på flyktningestraumen
Terje Sperrevik (TvS) oppfordra administrasjonen om å vera budd på å ta i mot mange fleire flyktningar enn kva kommunen har gjort tidlegare.
Så langt i år har rundt ein halv million flyktningar flykta sjøvegen til Europa frå land prega av krig og forfølging. Talet er ei dobling av statistikken frå 2014. Flest flyktar frå Syria (54 prosent), medan Afghanistan, Eritrea, Nigeria Irak og Pakistan står samla for rundt 17 prosent av båtflyktningane.
Flyktningar til Noreg og Os
Flyktningstraumen krev utbygging av nye asylmottak over heile landet. 50 nye asylmottak skal gje 7.500 nye plassar, ifølgje tal frå UDI. Dermed vil Noreg ha kapasitet til å busetja 16.000 asylsøkjarar i år, og kan samla ha over 20.000 personar buande i asylmottak til neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan asylmottaka er mellombelse heimar, er det store spørsmålet kva kommunar som kan ta i mot fleire flyktningar. Til neste år har Fylkesmannen bede Os ta imot minst 45 flyktningar. Det er ei tredobling av dei 15 kommunen har sagt ja til inneverande år. Fylkesmannen ber om at 45 flyktningar årleg blir det nye, normale nivået.
I løpet av valkampen har samtlege parti gjeve uttrykk for at dei vil hjelpa til i den nasjonale dugnaden.
Løypemelding frå kommunalsjefen
Saka om butsetjing skal til politisk behandling i løpet av haustsemesteret. Formannskapet i Os fekk i dag ei løypemelding frå kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, etter at Terje Sperrevik (TvS) stilte spørsmål.
- Det er store mengder folk på veg til Noreg, og me bør førebu oss på å ta dei i mot. Kva tiltak set administrasjonen i gang for å vera budde på dette? spurde Sperrevik.
Nils-Petter Borge svarte at det alt er sett ned ei tverrfagleg gruppe som jobbar med problemstillinga.
- Denne saka gjeld ikkje berre flyktningskonsulenten vår, men det handlar også om skule, førebygging, psykisk helse og bustad. Me vil leggja fram ei brei sak for politikarane som inkluderer fleire scenario, sa Borge.
Ei statusoppdatering vil bli gjeve under budsjettkonferansen i november, slik at politikarane kan få koma med innspel, før kommunestyrets handsaming i desember kan konkludera i saka.