Ordførar Terje Søviknes har fått fleire førespurnader om å halda foredrag om Os kommunes offensive satsing på digitalisering. Torsdag venter seminar på Fornebu der han skal halda foredrag for over 100 kommuneleiarar. (Arkivfoto)
Ordførar Terje Søviknes har fått fleire førespurnader om å halda foredrag om Os kommunes offensive satsing på digitalisering. Torsdag venter seminar på Fornebu der han skal halda foredrag for over 100 kommuneleiarar. (Arkivfoto)

Os leiar an innan digitalisering

Ordførar Terje Søviknes skal snakka for 100 kommuneleiarar om Os kommunes offensive satsing på digitale løysingar innanfor brann, tryggleik og beredskap.

Torsdag arrangerer Telenor og Norkart seminar om digitalisering av teknisk sektor i norske kommunar, med nokre spanande casar frå tre norske kommunar, deriblant Os. I ei pressemelding skriv Telenor at Søviknes er invitert til å fortelja om kommunens offensive satsing på digitalisering innanfor brann, tryggleik og beredskap, fordi kommunen ligg langt framme med å ta i bruk innovative løysingar.

- Er det ein stolt ordførar som inntek podiet på Fornebu torsdag?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det er det absolutt. Eg har faktisk fått to førespurnader kring dette temaet. I april skal eg til Trondheim for å snakka for nokre hundre menneske. Då er det meir generelt om digitaliseringa, og ikkje berre teknisk, seier Søviknes.

Rekve tok ballen vidare

På torsdag skal ordføraren snakka om ulike ting, men med mest fokus på teknisk område.

- Spesifikt handlar det om korleis me bruker IT i brann og tryggleiksarbeidet i forhold til kartgrunnlag og beredkskapsmodulen, seier han.

Ordføraren synest det er kjekt at Os blir lagt merke til.

- Me har fått mange positive tilbakemeldingar, særskilt frå leverandørar, som meiner at me ligg langt framme med tanke på digitalisering.

Dei gode resultata kan sporast heilt tilbake til oppstarten av Os Inspirerer i 2006, der innovasjon innan eiga verksemd stod i fokus.

- Dåverandre rådmann, Knut Terje Rekve, tok ballen vidare og etablerte eit administrativt prosjekt, Os i Tio, som eigentleg er eit stort organisasjonsutviklings-prosjekt, men med vesentleg fokus på digitalisering av tenestene, seier Søviknes.

Sparar administrative ressursar

Sidan har det blitt jobba med å få fullstendige digitale arbeidsprosessar, noko som har gitt positive utslag i "kassen".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Som følgje av digitaliseringa har me kunna halda att på administrative stillingar. Det er heilt openbert at me sparer administrative ressursar på å vera eit godt stykke framme, seier Søviknes.

Mange heng etter

Riksrevisjonen la førre veke fram ein rapport om status på digitaliseringa i norske kommunar. Revisjonsrapporten viser blant anna at kommunane i liten grad har digitalisert tenestene sine, og det gjeld særleg små kommunar.

Nettbasert sjølvbetening vert berre tilbode for 27 prosent av dei 19 tenestene som er kartlagt i 261 kommunar, og eit fleirtal av kommunane oppgjev at dei ikkje har eit systematisk arbeid for å realisera gevinstar i digitaliseringa.

Her er Os kommune blant dei "flinkaste i klassen", og det er dette ordføraren vil fortelja om.