Os kommune er blitt klimapartnar
Måndag vart Os kommune del av av det regionale nettverksprosjektet Klimapartnere Vestland.
30 offentlege og private verksemder i Hordaland er med i nettverket, som er eit samarbeid mellom Klimapartnere Agder, Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune.
Målet med nettverket er å redusera klimagassutslepp og stimulere til grøn samfunns- og næringsutvikling i regionen vår.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klimapartnere er eit offentleg-privat nettverk for systematisk klimaarbeid. Nokre av oppgåvene til nettverket er å formidla klimakunnskap, utvikla og fremja grøne forretningsidear og skapa møteplassar for klimadebatt nasjonalt og internasjonalt.
Nettverket finst i dag i både Agder, Hordaland, Troms og Rogaland og snart også i Trøndelag og Østfold. Nettverket omfatter over 100 verksemder med tilsaman over 100.000 tilsette og 40.0000 studentar.
jostein@osogfusa.no