- Det er store skilnader frå kommune til kommune. Men her i Os har dei fått til mykje, sa stortingsrepresentant og "eldregeneral" Bård Hoksrud (Frp). Her i lag med leiar i styringsruppa fore Nye Luranetunet, Eirik André Hesthamar (Frp).
- Det er store skilnader frå kommune til kommune. Men her i Os har dei fått til mykje, sa stortingsrepresentant og "eldregeneral" Bård Hoksrud (Frp). Her i lag med leiar i styringsruppa fore Nye Luranetunet, Eirik André Hesthamar (Frp).

- Os er langt framme

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) var imponert over det han fekk høyra då han vitja Luranetunet og Os torsdag.

Nestleiar for Luranetunet, Hilde Storum, orienterte om organiseringa av pleie og omsorg i kommunen.

Os har mellom anna interkommunalt samarbeid med Fusa og Samnanger når det gjeld kols- og diabetespasientar. Storum kunne også fortelja at dei demente som ikkje kan nytta seg av gruppetilbod i fritida, frå hausten vil få individuell oppfølging.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er stolt av alle tilsette. Me ønskjer å få ting til, og det klarer me, sa Storum til dei frammøtte.

Mat og storleik

- Mat, kom det frå Hoksrud.

- Mat? sa Storum som ikkje heilt skjøna kor Hoksrud ville.

- Ja, mat.

Det var sjølvsagt privatiseringa av varmmaten det var snakk om. Bortsett frå noko mindre fleksibilitet, hadde det ikkje vore mange klager på middagen.

- Når det gjeld leverandøren av tørrmat, så ringjer dei oss om me skulle ha gløymt ei bestilling. Os er ei lita bygd og me kjenner omsut for kvarandre, sa Storum.

- Lita og lita, kom det frå leiar i styringsgruppa for Nye Luranetunet, Eirik André Hesthamar.

- Lita nok, då, repliserte Storum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir til bygging

Hoksrud var imponert over det han fekk høyra under orienteringa.

- Os ligg langt framme når det gjeld konkurranseutsetjing. No er det det offentlege som driv her, noko som tyder på at konkurranseutsetjing får ein til å skjerpa seg, meinte stortingsrepresentanten.

Ei utfordring som mange kommunar slit med er eldre som er for sjuke til å bu i omsorgsbustader, om det då ikkje er bemanning tilsvarande sjukeheim.

- Investeringstilskotet vart difor auka frå 35% til 50%, slik at kommunane fårdekka meir av kostnadene ved å byggja nytt, slik Os kommune no skal her på Luranetunet, sa Hoksrud.

Etter vitjinga på Os gjekk turen til Austevoll der dei også har gjort grep når det gjeld konkurranseutsetjing.

Tropisk hage

Eirik André Hesthamar tok besøket frå Hoksrud som ei anerkjenning og var glad for å få visa fram det dei har fått til.

- Nye Luranetunet får 97 nye omsorgsbustader rundt ein tropisk hage, den første i sitt slag i landet. Her vil det vera 12-14 grader året rundt, noko som gjer hagen meir tilgjengeleg for fleire utan meir bemanning, sa Hesthamar.