Klas Færøvik kjem til å driva vidare med reklame sjølv om han no har lagt ned Macbox-firmaet i Kolskogen.
Klas Færøvik kjem til å driva vidare med reklame sjølv om han no har lagt ned Macbox-firmaet i Kolskogen.

Os eldste reklamefirma er nedlagt

Ei stund var dei blant Bergens største reklamefirma. No er Macbox lagt ned.

- Det er klart det er vemodig, men det er tøffe tider og me kunne dessverre ikkje halda fram slik situasjonen etter kvart vart, seier eigar og dagleg leiar, Klas Færøvik.

Han fortel at plutselege tap av store kundar tok bort livsgrunnlaget for selskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ganske brått mista me Sparkjøp og Sport Outlet. Deretter vart det veldig vanskeleg, seier Færøvik.

Alt i vinter såg han seg nøydd til å senda ut permitteringsvarsel til sine fem andre tilsette.

Var verkeleg store

Færøvik starta Macbox for 20 år sidan. Etter kvart vart Os-firmaet eit av Bergens største reklamebyrå.

- Me hadde mange svært gode år. På det meste var me 15 tilsette, fortel Færøvik.

- Men det er ein tøff marknad. På kort tid endrar ting seg fort. Alle er ute etter å gjera ting rimelegare, og då finn folk gjerne nye moglegheiter, seier han.

Macbox-eigaren er uansett stolt over det han har gjort for reklamebransjen i Os.

- Eg bygde opp alt frå "skratch", både firmaet og miljøet for reklame-drift i Os. Mange av dei som i dag driv med reklame i andre firma her i bygda fekk sin start hos oss, konstaterer Færøvik.

Nye planar

46-åringen har no teke seg ein liten pause før han byrjar på an igjen i arbeidslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trong eit pusterom no. Men om litt startar eg opp med nye ting. Det blir sjølvsagt innan reklame. Det er det eg kan, og det er den bransjen eg kjenner. Men nett i kva storleik og med kven, det får me venta med å fortelja om, seier Færøvik.