Os ASVO med nytt samarbeid med kommunen
– Vi skal bemanna vaskeriet på Luranetunet, seier dagleg leiar i Os ASVO, Kristian Nygaard.
Samarbeidet mellom Os ASVO og kommunen tok til mot slutten av 2017. Så langt har Os ASVO hatt eitt årsverk gåande i vaskeriet, medan dei venta på at det skulle bli heilt ferdig. Frå måndag av blir det oppbemanning.
– Vi skal ha to årsverk i vaskeriet. Dei skal jobba der i staden for hos oss. Eit resultat av dette samarbeidet, er at dei får større variasjon i arbeidsoppgåvene, og tilbodet vårt blir endå litt breiare. Vi er klare for å ta fatt på fleire liknande arbeidsoppgåver om kommunen ønskjer det, seier Nygaard.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva for arbeidsoppgåver då?
– Vi tek gjerne enkle arbeidsoppgåver. Det kjem heilt an på kva behov kommunen har behov for, seier Nygaard.
Det er fleire som skal dela på jobben på Luranetunet.
– Vi kjem til å ha back up, slik at vi alltid har nokon tilgjengeleg som veit kva jobben går ut på, seier Nygaard.