Marie Bruarøy fekk blomar på sitt første møte, både av opposisjonen og av partiet Høgre.
Marie Bruarøy fekk blomar på sitt første møte, både av opposisjonen og av partiet Høgre.

Ordførar Marie Bruarøy hylla på første møte

35-åringen frå Søre Øyane styrte sitt første møte i Søviknes sin stad i kveld. Jamvel opposisjonen stilte med blomar til den nye ordføraren.

Det var mange som nytta høvet til å gratulera Søviknes med den nye stillinga som olje- og energiminister i kommunestyret i kveld. Men minst like stor merksemd fekk ordførar Marie Bruarøy. Arbeidarpartiet var først ute med heideren.

- Det er ein merkedag i dag. Etter 17 år er det ein annan som sit i ordførarstolen enn Søviknes. Ordførar Bruarøy, me vil gratulera deg med det nye vervet, sa Tone Hepsøe (Ap) medan Helge Steinum overrakte ei blomehelsing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endeleg ein Høgre-ordførar

May Brit Harringstad Mjøs følgte tett etter med si helsing.

- Endeleg er me der. Dette er ein stor dag for Os Høgre, sa Harringstad Mjøs i sin gratulasjon.

Marie Bruarøy styrte sitt første møte med stø hand, godt førebudd og var nøye med tida. Sjølv takka ho kommmunestyret for helsingane, og for det gode møtet.

- Takk for at de gav meg ein god start, det set eg utruleg stor pris på. Eg gler meg til å sjå dykk på nyåret, det er ei spanande tid me har framfor oss, sa Bruarøy.

Store sko å fylla?

I ein samtale med Os og Fusaposten vart Bruarøy spurt om ho synest det er store sko å fylla etter Søviknes.

- Eg skal ikkje fylla nokon sko. Søviknes har hatt sin måte å styra på, og eg må finna min. Han har vore utruleg dyktig, og eg har lært kjempemykje av han. Mitt fokus er å vera ein ordførar for alle, og gjera kommunen til ein god plass å bu, seier Marie Bruarøy til lokalavisa.