Ordførar-kollega jublar: – Kjærkome tilbod til ein kommune med store økonomiske utfordringar
Ordfører i Os i Østerdalen, Runa Finborud, jublar over det rause tilbodet frå namnebror-kommunen i vest.
– Det er nesten så eg ikkje våger å tru det. Nett no held me på med ei stor omstilling i kommunen der me vil ut å profiliera oss. I så måte kjem «Os Inspirerer»-gåva som sendt frå oven, seier Finborud.
Sp-politikaren vedgår at det har vore økonomiske utfordringer i den vesle kommunen i Østerdalen dei siste åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er inne i ein omstillingsprosess der me ser på høve til å få ned driftskostnadene. I så måte er det heilt utruleg at me skal få både bilar, logoar og andre profil-element frå Os i Hordaland.
Skal klara fraktkostnadene
Ettersom Os kommune i Hordaland aldri lengre kjem til å ha bruk for «Os inspirerer»-elementa, vil kommunen i Hedmark få det meste gratis.
– Det er jo heilt utruleg. Rett nok skal me betala for frakt av bilar, arbeidsklede, skilt og papirmateriell, men det skal me nok klara å stå i, seier Finborud.
Ho har vore inne på nettet og sett profilen til Os kommune i Hordaland, og er overraska over kor fin og frisk han er.
– Dette er jo så bra at eg skjønar godt at Terje (Søviknes) og dei andre ikkje vil la det døy ut, når dei no blir Bjørnafjorden kommune.
Oransje er kult
Os i Østerdalen er ein langt mindre kommune enn Os i Hordaland. Totalt er dei litt under 2.000 innbyggjarar, blant desse er nær 200 tilsette i kommunen.
– De får no ein oransje logo, med «Os inspirerer», passar det for kommunen dykkar?
– Det er kanskje ikkje så viktig kva farge det er. Me får det jo gratis, seier Finborud.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inntil nyleg har kommunen hatt gul farge på logoar og heimeside. Det gamle slagordet vert no fjerna til fordel for det dei får gratis.
– Tidlegare hadde me «Aktive opplevelser». Det er kjekt å fornya seg, seier Senterparti-politikaren.
– Kan de med handa på hjartet seia at «Os inspirerer»?
– Ja, me har no eit godt samarbeid mellom politikarar, tillitsvalde og tilsette og brukarar i kommunen. I dette forumet stakar me saman ut felles kurs. Det må jo vera inspirerande, ikkje sant, kvitrar Os-ordføraren.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no