Nesten 50 hyggjelege fjerdeklassingar var på besøk i «Os og Fusaposten» sine lokale tysdag.
Nesten 50 hyggjelege fjerdeklassingar var på besøk i «Os og Fusaposten» sine lokale tysdag.

Opplyste fjerdeklassingar

Tysdag føremiddag hadde «Os og Fusaposten» vitjing av ein svært så avis-interessert gjeng frå Kuventræ.

I samband med «Avis i skulen»-prosjektet la klasse 4A og 4B turen nedom «Os og Fusaposten» sine nye lokale på Osøyro tysdag føremiddag.

Gjengen vart vist rundt av journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes, og viste stor kunnskap om avisar og avis-arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvanna veke

- Me har jobba med dette prosjektet i halvanna veke. I løpet av denne tida har elevane lese mange avisar, lært seg korleis avisar er bygd opp - med overskrifter, ingress og brødtekst, og prata om kva type stoff ein kan finna i ulike typar aviser, fortel klassestyrar Christian Frugård.