Opplyser om ytterlegare tre tilfelle av covid-19 - to av dei frå barnehage
Ytterlegare tre personar har fått påvist smitte i løpet av helga.
Det opplyser kommunen måndag ettermiddag.
Det vart fyrst opplyst om fire tilfelle registrert søndag. No opplyser kommunen at det fredag vart påvist ytterlegare tre tilfelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse tre er:
Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg frå annan kommune. Nærkontaktar varsla.
Jente i Flåten naturbarnehage.
Gut i Flåten naturbarnehage.
- Totalt har no 20 personar testa positivt i samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage sist veke, ifølgje assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.