Oppgitt over "ferjemas"
Ferjeturen over Fusafjorden er normalt for mange ei stund for ettertanke og kvile frå trafikkens kjas og mas, spesielt for langvegsfarande. Dette kan det no sjå ut som det er slutt på.
Ein lett oppterga lesar hevdar at etter at det kom tryggleiksinformasjon via høgtalaranlegget på ferja, er reisa blitt mindre hyggeleg.
- Dette irriterer meg. Og kva er vitsen? Desse ulydane er like nyttige som oppslaga ombord. Etter ei stund så bryr ein seg ikkje om maset over høgtalaren heller, seier lesaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Driftsjef for Hordaland i Fosen-Namsos Sjø, Svein Kleppe, fortel at dei har eit nytt driftssystem på utprøvingsstadiet som inneheld ein del tryggleiksmessige tiltak. Dette har bedrifta valt å innføra på eige initiativ. Dette vart gjort for ei veke sidan.
- M/F Sælbjørnfjord på ferjestrekninga Halhjem-Våge har det same systemet. Me vil sjå det litt an og ta med oss erfaringane frå desse to ferjene vidare. Blir det vellukka, vil driftssystemet kunna bli innført på alle ferjene våre, seier Kleppe.
- Me set tryggleik høgt, og god informasjon er ein del av dette. Det er vanleg at det blir gitt tryggleiksinformasjon når ein reiser mellom anna med fly, flytog, andre ferjer og snøggbåtar, avsluttar driftsjefen.