Oppfordra til ein tydelegare diskusjon
- Om vi ikkje tek diskusjonen no, får vi eit ytterste høgre som er heilt ute av kontroll, sa Mahmoud Farahmand (H) under Os Høyre sitt møte om integrering onsdag kveld.
- Eg fryktar eit polarisert samfunn med den politikken vi fører no. Utfordringa er ekstrem og ytterleggåande islam, og vi må bestemma oss for kva vi aksepterer og ikkje, meiner han.
Eit kroneksempel
Mahmoud Farahmand kom til Noreg frå Iran som åtteåring i 1987, saman med familien. Mora var blitt åleine med borna kort tid før dei drog, og dei kom med alt dei eigde i ein søppelsekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han avslører at han var ein vilter tenåring som ofte fekk beskjed av politiet om å koma seg heim frå byen.
I dag er han tryggleiksansvarleg i Jernbaneverket, med bakgrunn frå Forsvaret. Han har gjort rask karriere i Telemark Høyre, der han sit som bystyrerepresentant i Porsgrunn. Han snakkar norsk fullstendig utan aksent, har norsk kone og to born og blir av Susanne Sperrevik presentert som kroneksempelet på vellukka integrering.
Han er sjølv muslim, og har blitt kjent for å koma med friske utspel både i forhold til forhold knytt til islam og innvandring.
- Eg set ting på spissen, og det kan eg leva med, sa han under møtet onsdag.
Han var invitert til bygda for å snakka under Os Høyre sitt opne møte om integrering.
- Eg synest ikkje det er noko motsetnad å ikkje villa ta imot heile verda og det å sørga for god integrering av dei som kjem, sa leiar for Os Høyre, Susanne Sperrevik, då ho ønskte velkommen til møtet.
Vel 25 tilhøyrarar hadde funne vegen til Bar(t).
- Har vi kapasitet?
Os kommune har auka talet på flyktningar dei skal ta imot frå 15 i fjor til 45 i år, slik ein vart førspurt av Fylkesmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje noko nytt for oss å ta imot flyktningar. Vi har gjort det før. Det viktige er at vi bruker den dugnadsånden som finst, samt at vi møter dei med eit ope sinn. Sjå moglegheiter, ikkje begrensingar, sa kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i Os kommune, Nils-Petter Borge.
Han var invitert til å seia nokre ord om situasjonen i Os, i starten av møtet, og kunne mellom anna opplysa at fem av seks som deltok i introduksjonsprogrammet i 2015 er komne i arbeid.
Store delar av møtet gjekk med til å snakka om farer og frykt dei frammøtte, Farahmand inkludert, ser knytt til radikal islam og flykningstraumen til Europa. Det å hjelpa dei der dei er var også tema.
- Har vi kapasitet til å ta imot dei her? Vi må hugsa at vi treng ikkje berre hus til dei. Sjukehus, vegar og annan infrastuktur må også vera dimensjonert for å ta imot. Vi må byggja heile byar om vi skal ta imot alle, meinte Farahmand.
Må ikkje mistenkjeleggjera
Han snakka også mykje om kva bilete han trur flyktningane sit med av Noreg før dei kjem: Eit glansbilete, meiner han.
Hovudfokuset under møtet vart meir dei nemnde tema enn å diskutera korleis integreringa kan løysast på best mogleg måte. Og det var tydeleg at Farahman i høgste grad møtte sine eigne i Os, for det vart aldri høg temperatur.
- Nordmenn er konfliktskye. Dermed blir dei for snille. Vi må skilja mellom å vera snille mot menneske og å vera snillistiske. Vi må stilla tydelege krav, sa han.
Samtidig har Farahmand sjølv vore flyktning og sit med førstehandskunnskap om korleis det opplevest å reisa frå heimlandet sitt. Og han var tydeleg på ein ting: Å mistenkjeleggjera folk i naud er ikkje bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Krava må starta i mottaka
Varaordførar Marie Bruarøy (H) følgde interessert med under Farahmand sitt innlegg.
Ho hadde også nokre innspel om dei utfordringane kommunen har når flyktningane kjem hit.
- Vi har ikkje snøring på kva som skjer ute i mottaka. Kva har dei lært der? Har dei lært noko om normar og reglar i det norske samfunnet for eksempel?
Farahmand kunne bidra med eiga erfaring, og fortalte at det i alle fall var slik opplæring då han sjølv kom til landet.
- Krava må starta alt i mottaket. Dei må læra seg norsk og skaffa seg jobb, la Bruarøy til.
- Det er viktig at dei lærer om lovar og regler, la Sperrevik til.
- Ja, og forventningar, meinte Farahmand. - Vi fortelja dei som kjem kva det er realistisk å forventa seg og seia at desse verdiane er greie, desse er det ikkje.
I tillegg må vi stilla fleire krav, meiner Farahmand. Han synest ikkje det er greit at muslimar skal få gjennomslag for slikt som å bruka religiøse hovudplagg på skulen eller ha bønetid midt i skule- og arbeidstida.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det står ingen ting i Koranen om at kvinner skal dekkja seg til eller at vi må be på dagtid. Det står at ein skal kle seg sømeleg, og ein kan samla opp alle bønene og gjera det ein gong på dagen når det passar, forklarte han.
Må vera likt for alle
- Multikultur er bra, men innanfor ei viss ramme, ellers endar vi opp som ville vesten, sa den frittalande muslimen og høgremannen vidare.
Han meiner vi ikkje stiller nok krav til at islam skal vera dynamisk.
- Om ein kristen jobbar skift på søndagen, skal han då ta fri for å gå tre timar i kyrkja? Nei, det ville vore rart, sa han.
Farahmand syns det er viktig at alle nordmenn deltek i diskusjonen.
- Vi må få meina noko om utfordingane vi står overfor. For det er våre verdiar det gjeld.
Han var også oppteken av at det ikkje må vera forskjell på kva ein kan seia ut fra kva bakgrunn ein har.
- Kvifor kan ikkje du seia det same som meg? Skal det vera slik at berre mørke menn med innvandrarbakgrunn kan kritisera islam? Det må jo vera lov for deg å kritisera like mykje som for meg, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein av tilhøyrarane nemnde at ho ofte var redd for å seia noko "feil" i møte med kollegaar med muslimsk kulturbakgrunn, og derfor heller lét vera å spørja eller seia noko.
- Du har også lov å meina noko om religion utan å ha dybdekunnskap. Og er du i tvil: Bruk Google. Det gjer eg også! svara gjesten frå Porsgrunn.
Rasismestempelet
- Vi er alle norske. Du er norsk, eg er norsk, vi har dei same moglegheitene. Kvifor skal ein då vurdera folk på minoritetsgrunnlag til ein jobb? Kvifor skal vi kvotera og sleppa til folk med lågare utdanning på det grunnlaget? Vi må slutta å snakka om minoritet og majoritet og byrja stilla krav. La det vera tydeleg at i den norske arbeidsmarknaden stiller vi høge krav til utdanning. Ein kan ikkje gå av første fly og få jobb som ingeniør, sa Farahmand,
Han meiner det er alt for lett å bli stempla som rasist, og ønskjer seg at fleire deltek i debatten.
- Det har vore ein tendens til at folk blir kalla rasistar kvar gong ein tek opp eit tema som problem med segregert symjing, bruk av niqab og liknande. Dette øydelegg debatten. Vi må hugsa at det er snakk om kritikk av eit system, ikkje av individa.
Nokre oppmuntrande ord kom han også med:
- Det er ei enorm utfordring vi har framfor oss. Men eg trur vi løyser den. Vi må berre hugsa at det er mange forskjellige løysingar som må til og ingen fastnøkkel. Integrering er ikkje one size fits all.